tirsdag, oktober 31, 2006

Ferie



Om ca ein halv time (kl 09.00) setter vi oss i leigd bil sammen med Habostads! Målet er La Rochelle, ein by sørvest i Frankrike. Vi veit ikkje meir enn at det ser fint ut på bileter der, og at der er sjø! - og så er det kanskje litt varmare enn Paris.
På heimesida til turistkontoret kan du lese om byen viss du vil.

Turen tek fire og ein halv time på 450 kilometer. I følge "routefinder" Michelin skal vi også innom byen Tours. Der budde eg i ein månad i 2001. Blir kjekt å sjå att, og om eg kjenner meg att i gatene. Men mest av alt gleder eg meg som ein unge til å sjå havet!

Retur Les Cedres: Fredag kveld.

Elisabeth.

2 kommentarer:

Øystein sa...

Nyt ein velfortent ferie!
God tur!

Gjermund sa...

Jeg hiver meg på: Ha en god ferie, og kos dere med havet - det hadde vært noe å se! Her er det sanddyner vi ser.

Gjermund