lørdag, november 04, 2006

Ferieslutt



Ferien er over. 1300 kilometer er tilbakelagt og det er berre å konstatere: Frankrike er eit flott land!!

Vi hamna på ei øy utanfor kystbyen La Rochelle. Litt tilfeldig, bortsett frå at Gunhild hadde sett den på Google earth og syntes det såg litt fint ut. Lite visste vi når vi i mørket la oss til å sove i eit hotell rett ved havet at det var eit lite eventyr vi hadde kome til. Nærmare paradis for slitne nordmenn må ein leite lenge etter. Her var sandstrender, tronge smaug i skjønne små landsbyar. Små, kvite dokkehus med grøne skodder. Esler og måker, loppemarked og torgkoner. Fiskebåtar og fyrlykter. Men du kor kaldt. Sola skein, og sett frå bilen kunne det like gjerne ha vore ein varm vårdag som ein novemberkald haustdag. Ein kald, isande vind trengde seg inn gjennom marg og bein, så nye kjøp på denne turen vart fleecejakke til meg og lue til Jostein.



Når vi torsdag satte kursen dei få kilometerane mot La Rochelle vart i det med ein totimars vandring i byen før vi kalde og forfrosne satte oss i Picassoen og leita etter smale veger nordover.

Landsby etter landsby køyrde vi igjennom. Små husklynger midt i øydemarka. Små steinhus, eit boulangerie der du kan kjøpe dagens baguette og utveksle siste sladder. Puben der postdama tek seg eit glas før ho fortsetter vandringa. Og katedralen. Ja, katedral. Her var det ikkje snakk om små landsens kyrkjer. Vakre katedralar som var det naturlege midtpunktet i landsbyen. Saman med eit utal digre kors med krusifiks på bar det preg av ein sterk katolsk historie. Men tanken slo meg. Kjenner dei Jesus her? Er Jesus berre den steinfiguren som står oppe ved vegen, eller er det frelsaren, han som gav livet sitt for ”at kvar den som trur ikkje skal gå fortapt men ha evig liv”? (Joh 3.16). Frankrike, det ateistiske landet med den katolske historia, treng menneske som kan vitne om Jesus.

Elisabeth.




2 kommentarer:

Elisabeth sa...

Hei og takk for sist!! Dette så fantastisk ut og jeg håper dere fikk en flott og velfortjent ferie. Her har det vært noen kalde dager og netter, før det slo om og blei mildt igjen i dag. Tonje og Vidar venter på snøen. I ettermiddag/ kveld har vi feira Øyvind sin bursdag med besøk av mamma, pappa, tante Birgit, onkel Olaf og Sigrun. Øyvind fikk genser, som jeg kjøpte i Paris, og jeg viste bildene derfra, så dere er ofte i tankene våre. Håper dere forsatt får en fin høst, og at dere holder dere friske fram til jul. Storesøster med fam.

Pappa Jon Arne sa...

Kjekt å lese om ferieturen - det var sikkert ei oppleving, men sydenvarmen fann de altså ikkje! Det var no leitt..
Her regnar det fole for tida og elva er kjempesvær - men særleg kaldt er det ikkje lenger. Vi har nett kome att frå møte på Åheimtun. Det er Lars Kjetil som er her. Og i ettermiddag er det på Fiskå bedehus - som også i gårkveld.
Vonar dei snart set på varmen på Les Cedres no då og at de får ein fin haust vidare!
Helsing pappa/svigerfar JA