torsdag, juli 30, 2009

- får nonner lov til å få barn?

Etter å ha tråla butikk på butikk i månadsvis etter grovmjøl, tok familien Heng ) – misjonærar i Mali som er her i Abidjan på ferie, og kjenner godt til ting her…) meg med til ei mølle for å få kjøpt kli (det nærmaste dei hadde kome å finne grovmjøl når dei budde her). Så vi køyrde av garde, forbi sentrum med høgblokker og yrande forretningsliv, over ei av dei to store bruene som fører ein over til andre sida av millionbyen. ”Ser du dei store siloane der borte?” sa Knut og peika på nokre enorme bygningar og siloar rett over brua. Så vi køyrde ned til sjølvaste Mølla i Abidjan og gjekk inn. Der måtte Eli levere frå seg ID, og vi fikk besøkelseskort.

Inne på området gjekk vi til resepsjonen og la fram ærendet vårt. Vi forklarte at vi var misjonærar og at ho hadde brukt å få kjøpt mjøl her tidligare. Ein sekk med kli, takk, og gjerne grovmjøl dersom vi kunne få det der. Mannen i skranken vart veldig blid, og jo da, det kunne dei ordne. Ein kli-sekk til 40 kilo(!) og grovmjøl 30 kilo.


Med eitt kom det ein staseleg mann bort til oss. Mannen bak skranken presenterte oss som søstre og at vi var benedektiner-nonner eller noko liknande, eg smilte og forklarte både han og den staselege, at vi var evangeliske misjonærar. Mannen, som eg seinare forstod var sjølvaste direktøren, smilte og helste blidt på oss. Han sa noko til skrankemannen om eg ikkje heilt oppfatta, men det var eitt eller anna positivt, såpass forstod eg. Vi takka og sette oss ned og venta. Mannen kom med skriv vi skulle ta med oss ut til eit kontor på mølleområdet. Med papira i handa oppdaga vi med eitt at vi ikkje skulle betale eit øre, og at vi utan å heilt forstå det hadde fått 80 kilo kli og 60 kilo grovmjøl! Gratis!

Så sat vi der og venta og funderte på korleis vi skulle få med oss dei store sekkane i bilen, med seks stykk Heng, samt meg og baby Lydia. Medan vi sat der var det sjølvsagt mange som helsa på oss. Kvar gong nokon kom inn og sa bon jour madam, vart dei irettesatt av ein mann som sannsynligvis var ein slags sjef: ”Ikkje kall dei madam (frue), dei er søstre (altså nonner), eg prøvde gong etter gong å forklare at ”nei, vi er ikkje nonner, vi er misjonærar”, men nei da, var vi nonner, så var i nonner.

Så fikk vi første ladning med grovmjøl, og fikk sjå papira våre att. Der stor det ”søster Elisabeth Sæth”… På den tida hadde Knut kome med bilen med alle ungane. Og Lydia lengta veldig etter mamma. Eg tok med Lydia inn på kontoret og sat der ei stund. Sjefen der såg rart og forvirra på meg, Lydia og på meg igjen. Er det ditt barn? Ja, sa eg. Nesten litt sjokkert såg han på meg: ”Men, får nonner lov til å ha barn”?

Eg forklarte enno ein gong at vi aldri hadde hevda at vi var nonner, og at ja, det hadde vore litt merkelig dersom ein VAR nonne å faktisk ha barn, men vi var no berre ein gong vanlige, gifte, evangeliske misjonærer.


Om han trudde på meg, veit eg ikkje, men no har vi i alle fall 60 kilo grovmjøl og 80 kilo kli som vi er litt usikre på om vi fikk fordi vi var nonner… Men velsigning er det i alle fall – sjølv om det er i det meste laget å bli kvitt 80 kilo kli, når ein bruker ein halv liter på tre brød…

fredag, juli 10, 2009

GF i Abidjan

I morges samlet vi oss, vi tre misjonærfamilier som for tiden er her i Abidjan (Aukan, Heng og Sæth), for å lytte til bibeltimen fra NLMs generalforsamling i Bergen.

En litt dårlig internettlinje til tross, vi fikk med oss Sverre Bøes flott bibeltime og fikk kjenne på at også vi er en del av dette store misjonsfellesskapet som utgjør NLM.

Vi er veldig takknemlige for at også vi som er i utlendighet kan delta på denne store ”misjonsfesten” gjennom Noreas Webradio. Vi skulle gjerne ha benyttet oss også av web-TV’en, men der har dessverre nettlinjene måttet gi tapt.

Akkurat nå sitter jeg og lytter til Noreas aktualitetsmagasin der misjonsengasjement diskuteres.

Jostein