søndag, november 05, 2006

Svar på ”ukens spørsmål” uke 44

I åra 1978-82 vart det diskutert oppstart av nytt misjonsfelt i det muslimske Vest-Afrika. NLM si generalforsamling i 1982 bestemte å starte arbeid i Vest-Afrika, og i 1983 reiste nokre utsendingar til Vest-Afrika for å drive research. Vegen enda i Touba fylke i Elfenbeinskysten. Der traff dei misjonærar frå Worldwide Evangelization Crusade (WEC) som hadde arbeidd i området sidan 1960. Dei hadde ikkje lukkast med å nå inn til mahoufolket med evangeliet, berre to mahouar hadde vorte døypte dei første 20 åra av arbeidet deira.

Grunnen til dette låg i at dei ikkje konsentrerte seg om enkelt-landsbyar. I evangeliseringa brukte misjonærane for ein del handelsspråket diola eller bambara, ikkje mahouspråket. Dei starta også opp med gudsteneste i Touba på fransk, og fekk snart ein kyrkjelyd som i all hovudsak bestod av funksjonærar. (statsansatte som blir plassert rundt omkring i landet av statsledelsen). Misjonærane i WEC hadde bedt om at det måtte komme to familiar som kunne busette seg og arbeide inn mot mahouane. Bønesvaret kom. I 1984 kom familiane Skinlo og Redse til Elfenbeinskysten.

I dag er det ingen misjonærar att i Touba på grunn av uroligheitene ,men der er to levande mahoukyrkjer. Og så er det vårt håp at vi kanskje kan få busette oss blant mahoufolket, eller at radiobølgene også kan nå opp til Touba.

Riktig svar på ”ukens spørsmål” var altså 1984, noko som 62% av stemmegjevarane meinte. Takk til 26 stykk som svarte. Nytt vekespørsmål blir lagt ut i morgon (mandag)

1 kommentar:

Anonym sa...

Yeah, ej tippa rett!
-Astrid