søndag, oktober 15, 2006

Turhelg

Denne helga har vore ikkje-gjere-lekser-helga. Det kjennes godt. Men det har nok også vore den helga med desidert mest fransksnakking for min del.

Fredag kveld var eg på bønnemøte i kyrkja. Der bad eg til og med høgt på fransk – det vart mykje stotring og stavring, men det er ein seier kvar gong. Heldigvis kan Jesus lese tankane mine og, så om orda ikkje er heilt 100% rett satt saman, så forstår han kva eg meiner. :-)

Laurdag var det utflukt med kyrkja til Provins, ein liten by ein dryg times køyring austover frå Massy. Ein skikkelig malerisk ”middelalderby” med søte murhus, smale gater, og mykje historie. Vi åt ekte fransk lunsj , og hadde eigen guide som viste oss rundt – og fortalte alt som var verdt å vite og vel så det om byen. For nordmenn som er vande til trehus og enkle kår, var det fantastisk å sjå alle desse spora frå storheitstida på 1200- og 1300-talet, tårna, kyrkja, marknadsplassane osv.



Og folka, for det meste eldre folk, er så hyggelege og imøtekommande. Vi fikk prate mykje fransk, har mange middags-/aperitiff-/lunsj-invitasjonar ståande etter denne dagen.



I dag sov vi lenge, utmatta etter all fransken i går. Så gjekk tur i tre timar. Frå Massy går det ein såkalla grøn sti. Dette er ei oppmerka rute med gang og sykkelsti gjennom grøne lunger heilt fram til Paris (heilt dit får vi nok gå ein annan gong). Fantastisk å gå mellom haustfarga tre og ende opp i den majestetiske parken Parc de Sceaux etter ca ein times vandring.




Toppen av kos: ei bunke med gamle Vårt Land venta utanfor døra når vi kom heim.

Batteries charged.

Elisabeth

3 kommentarer:

Silje sa...

Dere har prøvd "den grønne stien" ser jeg:) Liten skatt dere har funnet der. Nydelige høstbilder!!! Skulle gjerne vært der igjen allerede:)

Ingunn sa...

Hei! Koselig å kikke i bloggen deres. Kos dere med fransken! Vi tenker på dere. Ber om deilig tørr høst slik at Elisabeth blir bedre. Alt vel med oss!

Jan Ove sa...

Frankarrike er kanskje ikkje så verst, ser det ut til. Arti å følgja litt med. Her kom den fyrste isen på elva, altså Kárášjohkka.