torsdag, oktober 02, 2008

Endeleg på nett!

Det har vore lite med oppdatering etter at vi sette føtene vår på ivoriansk jord. Vi har ikkje hatt internett-tilkobling heime, men i går var nettverket på plass, så no kan vi endelig få gje lyd frå oss!

Her i Abidjan har vi – og kjem vi til å få – det bra. Den første tida har vi brukt til å kome oss litt i orden i huset, ordne kontorlokale til Jostein og radiomedarbeidarane, rydde litt i ting og tang, og orientere oss i denne millionbyen som Abidjan jo er. Det er utrulig godt at vi allereie har vore fem veker i Abidjan tidligare. Dette gjer at vi slepp å køyre oss vill (gjeld i alle fall Jostein må vel seiast), at vi veit kor butikkar, kyrkje, fruktmarked og bakar fins, og ikkje minst at vi kjenner frå før dei som jobbar hos og saman med oss. Då blir det jo nesten som å kome heim. I går kom Jon Ivar (Friborg) med flyttelasset vårt og radioen sitt utstyr, køyrande frå Mali, så no har vi heimen vår her! Kjekt også å allereie no få kollega på besøk!

Godt har det også vore å vere med på engelske samlingar på søndagsettermiddagane , og sjå at vi kan få fellesskap og forhåpentlegvis vennskap i det internasjonale miljøet.

Ei lite oppdatering om oss:

Knøttet: Er veldig aktiv i mammas mage. Dersom mønsteret etter storesøster er det same, så er det ting som tyder på at mamma ikkje treng ekstra trim dei neste åra. Svangerskapet går bra, og vi gleder oss til å helse på mirakelet i januar.

Simone: Var ganske urolig og krevande siste vekene i Mali- ho visste vel at ting var i gjerde. Også dei første vekene her har ho vore avhengig av å ha mamma innen synsvidde, men no byrjar det å løsne litt. I skrivande stund er ho med hushjelpa vår, Paul på taket. Ho går også gjerne ut i hagen på oppdagelsesferd. Ho vinn stadig nye terreng, og er familiens store skravlehank og klatremus. Fleire og fleire ord kjem ut av munnen. Det siste er bebe, og då peikar ho gjerne på mammas mage.

Jostein: Er i gang i arbeidet med radioen og organiserar kontor og diverse. Ser fram til å få radiomedarbeidarane på plass på arbeid over helga.. Koser seg framleis over å bu i Afrika, og nyttar seg gjerne av høva til å få sjå mange gode fotballkampar på tv. Prøver å bruke ekstra mykje tid med Simone før nokre veker på kvart sitt kontinent!

Elisabeth: Prøver å organisere heimen og har byrja litt på opprydding og organisering i gjestehuset. Med ei aktiv jente i hælane blir nok det heller eit langtidsprosjekt. Har endelig fått rett behandling for augeproblem som ho har gått med sidan juni (feil diagnose og – behandling i Mali). Strikkar hue til Simone og prøver å førebu seg så godt som mulig på kalde månader i Noreg. Har byrja på bibelgruppe tysdags ettermiddag saman med for det meste amerikanske misjonærdamer. Kjekt.

4 kommentarer:

MogA sa...

Hei, og takk for sist! Veldig kjekt å lese om dere. Vi er nå på plass i Arequipa i Peru nå, så vi kan vel derfor kalle dere kolleger nå:) Ønsker dere lykke til med fortsettelsen! Beste hilsen fra Margrethe og Andreas

Gjermund sa...

Hei kjære venner,

Så utrolig spennende å lese om dere igjen, har stadig vært inne på bloggen og sett etter livstegn, og endelig kom det et så bra et! Så godt å lese at dere trives og gleder dere over å ha kommet frem!

Gjermund og Kjersti

Anonym sa...

Ja, det var godt å høre fra dere igjen!! Har tenkt og bedt mye for dere den siste tida, så det er bra at dere ser ut til å finne dere til rette! Nå har vi nedtelling til dere jentene kommer hit til det blide Sørland! Det blir nok en overgang både når det gjelder vær og miljø, men vi håper og ber om at det må gå bra!! Vi skal iallfall ta imot dere med varme og gjøre oppholdet her så godt som mulig for dere!! Kommer til å savne Jostein, men vi treffer han jo utpå nyåret ei gang. Ha det fint så lenge og nyt varmen!! Kanskje vi skypes en dag? Klem fra tante, svigerinne og søster Elisabeth med familie. P.S. Glad i dere alle!!

firework sa...

Hi! It's Amy from Tennessee. I was in Nathalie's class at Les Cèdres with Jostein from April til June in 2007. I found your blog through the Hercyks. Your bébé is so cute! I hope that you are doing well. I cannot read the Norwegian, but I enjoy the pictures, and it looks like you are doing great. I am still studying French, and am working on my teaching licensure. Just wanted to say hi. :)