torsdag, januar 24, 2008

Mi nye barnevogn

Når vi venta Simone, tenkte vi en del på kva for barnevogn vi skulle velge, og når vi gikk i butikken for å handle, hadde vi mange kriterier: Ikkje skulle den vere for varm for babyen, altså ikkje svart i fargen, den skulle ha eit stoff som ein lett kunne vaske av støv og skitt på, den skulle ha gode og stabile hjul og tåle afrikansk terreng, og vi fikk ei skikkelig bra vogn, ekte MacLaren og greier.

Når vi viste den fram heime, kom det tørt frå vår ”søster” frå Burundi (svigers har blitt reserveforeldre – og besteforeldre til familie fra Afrika): De kjem ikkje til å få bruk for den i Afrika,altså…
Så kom vi til Afrika då – og joda, vi har fått god bruk for den! Inne i huset. Den er visst deilig å sovne i for Simone. Og så har vi brukt den når vi har vore på hotell og bada. Men ellers? Slik var reaksjonen til vakta vår ein dag eg trilla ho fram og tilbake på plattingen foran huset: Hæ? Egen bil til babyen? Så eg har enda ikkje vore på trilletur med Simone.

Men: Eg har fått meg ei enda bedre barnevogn . Denne er lett å handtere, ein slepp å sette hjula fast i søppel og holer i gata. Eg har hendene fri til å halde bæreposer og anna. Og sist, men ikkje minst: Det er denne barnevogna alle mødre og storesøstre bruker her i Mali – og Simone elskar det!



5 kommentarer:

Kaisa Ruth sa...

GRATULERER med dagen Elisabeth! Håpar du har/får ein super dag i Mali!

Klem,
Kaisa Ruth

Anonym sa...

Gratulere med dagen, Elisabeth!
Er stadig inne og titter på sida deres! Lykke til videre i Mali!
Klem fra Elin.(Flekkerøy)

Anonym sa...

Hei Elisabeth.

Gratulerer med 31-års dagen idag. Må feire og kose dåkke :-)

Mvh Jens og Monica og co.

Øyvind Brennsæter sa...

Hmmm. Ser at jeg har glemt noe. GRATULERER så mye med vel overstått Elisabeth. Håper det står bra til og at helsa holder i varmen.

habostads sa...

Hei,
Gratulerer så masse med overstått, Elisabeth!! :)

klem
Gunhild