torsdag, januar 10, 2008

Ber byrdene til kvarandre

Magevondt høyrer visst med til oppstart av nytt liv i Afrika – eg har hatt tre runder allereie, Jostein har sluppe unna, heldiggrisen… Siste dagane har eg vore veldig slakk, og natt til i går fikk Simone det også. Vår kristne malinke-nabo var innom i går formiddag for å helse på meg, men fikk beskjed frå Jostein at eg låg og var sjuk.

I går kveld kom ho igjen, for å sjå korleis det gjekk med meg. Då var det Simone som hadde det som verst, gråt og var frå seg over vondt i magen og dertil svært så sår bak. Sara legg hendene sine på henne, og ber til Matigi, Herren om lækjedom for Simone. Så går ho heim. Ikkje lenge etter smiler og pludrer Simone…
I dag har ho vore mykje betre, sjølv om ho jo enda er prega av litt dårlig mage…

Men det var så utrulig godt å bli bedt for, å få lov til å vere svak saman med en kristen venn. Takk Gud for at Han ordna det slik at vi vart nabo med Sara og Johannes.
Elisabeth

4 kommentarer:

Anonym sa...

Må berre få legge til at i kveld fortalte Johannes (mannen til Sara) at i natt hadde Sara stått opp på natta for å be for oss...

Sterkt å få vere gjenstand for forbøn..

Anonym sa...

Dette var veldig kjekt å lese - mamma tok til tårene - vi har vore litt urolege for Simone og deg. Kor stort at de har fått slike gode kristne naboar!

Klem frå mamma og pappa

Anonym sa...

Det må jeg si!
Kjekt å møte kristen nestekjærlighet!

Anonym sa...

Ja, det var ein rørande historie. Så fantastisk "Gudfeldig" at de fekk slike gode, kristne naboar!
Idag er eg heime med Filip Natanael - vannkoppar. Det høyrer visst med..:)
Ha EIN GOD dag!
|Anne B