fredag, september 15, 2006

Der to eller tre er samla...



Ca ti minutts gange frå skulen ligg det ei lita luthersk kyrkje.

Denne kyrkjelyden er den einaste lutherske kyrkja i mils omkrins, og samlar folk frå fleire stader rundt byen Massy.

Vi kom til kyrkja første gong førre søndag, Og saman med ca 25-30 andre delte vi Guds ord, salmesong og nattverd. Det er ikkje tvil om at det var ganske så traust - og høgkyrkjeleg (bedehusfolk som vi er), men det var enkelt å følgje med, og pastoren virka ekte og inderleg. Liturgien gjer at det er lettare for ein utlending å skjøne kva som skjer i gudstenesta. Vi trur nok at vi kjem til å gå der, også for å oppmuntre dei kristne som samlast søndag etter søndag i dette landet så prega av ateisme og ”rasjonalisme”.

I kveld var det bønnestund i kyrkja, med tekstlesing, bøner og Taizé-songar. Vi kom (som vanlig) eit par minutt for seint. Spak song nådde øyrene våre når vi opna døra inn i det enkle kyrkjerommet. Der satt pastoren saman med tre kvinner. Vi satt oss saman med dei i halvsirkelen. Vi var saman med desse fire kristne i ein god halvtime. Vi song, las salme 139 (boka vart sendt rundt, så vi måtte berre hive oss ut på og lese høgt…) og vi bad. Etterpå satt vi og snakka litt – på fransk. Jostein klarte til og med å seie nokre setningar om kva som ventar oss etter frankrikeåret. Ikkje verst etter berre to veker her.

Ein god start på helga.


Elisabeth

Ingen kommentarer: