torsdag, juli 31, 2008

Nedtelling...

Kor mange gardinstenger trengs det? Er her nok møblar? Er det rommet blitt vaska? Slike ting er det eg driv på med for tida. Det er berre dagar til dei første nye misjonærane kjem ut til Mali. Og då vil vi jo at mest mulig skal vere på stell før dei kjem. Og sjølv om det er eit par månader sidan vi flytta inn i nytt administrasjonsbygg, er det fortsatt ein del som må ryddast, ordnast, sorterast og organiserast. Og som kjent Tar Ting Tid her i Afrika.

Eg tel dagar til Gunhild, Torstein og Levi (Habostad) kjem ut - som dei første av i alt fire misjonæreiningar som kjem ut denne hausten. Allerede søndag kveld skal dei bli henta på flyplassen. Det blir godt å få dei ut hit.
Men det er ikkje berre ankomst av nye misjonærar det er nedtelling til...
- Om ei lita veke blir den lille babyen vår, som no slett ikkje er lita, eitt år!
- om halvannen måned skal vi flytte til Abidjan. (Dette blir ikkje bestemt heilt 100% før i slutten av august, så her må eg vel ta eit lite forbehold i nedtellinga.)
- om ca tre månader set Simone og eg oss på flyet til Noreg.
- og om fem månader blir vi fire i familien...

Elisabeth
Ps. Eg skreiv i eit blogginnlegg at eg lengta etter å gå trilleturar med Simone... Eg har ikkje følt eg kunne det - gå med ei flott vogn der liksom. Tenk på all merksemda... Men ein dag tok eg ho med ut likevel. Det vart ei positiv oppleving. Eg fikk ikkje meir merksemd enn eg brukar å få når vi går ute. Folk er vel blitt vande til oss :-)
Det vesle lokale markedet vårt i bakgrunnen.

torsdag, juli 24, 2008

Lyttere melder tilbake

Juli måned har vært en mager måned her på bloggen, det er bare å innrømme. Det gjenspeiler også at vi har hatt en travel måned med mange gjøremål, og lite overskudd til blogging.

Det betyr derimot ikke at det er stillstand i ting som skjer i vår tilværelse. Tvert imot er det masse nytt både bak og foran oss. Det får vi komme tilbake til etter hvert.

I denne omgang hadde vi lyst til å prøve å være med og inspirere deg litt, du som ser på misjonsarbeid som noe stort. For vi har i alle fall latt oss inspirere av tilbakemeldinger som er kommet fra mahouer som har lyttet til radioprogrammene.

Her kan du lese fire:

”Mahouradioen gir meg stor glede, fordi programmene som sendes er 100 prosent mahou. I tillegg får vi gjennom radioprogrammene anledning til å oppdage mange nye ting, som Guds Ord, liknelser og fortellinger, historien bak tilblivelsen av forskjellige mahoulandsbyer etc. Jeg vil veldig gjerne takke de ansvarlige for mahouradioen. Gjennom radioprogrammen er det som om mahouene kommer ut av mørket og inn i lyset.” (Mann fra Abidjan, Elfenbenskysten)

”Jeg er medlem av den frivillige organisasjonen ADB, som jobber for å skape utvikling i regionen Bafing (navnet på mahouenes region i Elfenbenskysten). En fredag jeg var på universitetet var det noen som fortalte at de nettopp hadde hørt mahouspråket bli snakket på radiostasjonen Fréquence Vie (Livets Frekvens, kristen lokalradio i Abidjan). Jeg liker mahouradioen, og synes det er spennende at det lages radioprogrammer på mahou. De som aldri har hørt om Jesus Kristus har anledning til å høre her.” (Mann fra Abidjan, Elfenbenskysten)

”Det er nesten 92 år siden jeg ble født, og aldri før har jeg hørt språket mitt på radioen. Nå i dag har jeg nettopp hørt mahou på radioen. Der snakker de om Gud og de forteller historier som spesielt angår oss mahouer. Jeg er veldig glad for at vi nå har egne radioprogrammer.” (Mann fra Touba, Elfenbenskysten)

”Jeg har blitt forlatt av familien min på grunn av at jeg tror på Jesus. Jeg har vært syk, men ble helbredet i kirken. Jeg blir utrolig glad når jeg nå har fått vite at det finnes et radioprogram som forteller om Jesus på mahouspråket, for vi mahouer har enda ikke forstått hvem Jesus Kristus egentlig er.” (Mann fra Touba, Elfenbenskysten)

tirsdag, juli 08, 2008

Ei lita oppdatering.

Regntida har satt inn for fullt i Bamako, og vi frydar oss over kaldare dagar og netter, over å kunne sove utan aircondition, at Simone kan sove på eige rom, og at flisene på golvet ikkje er varme. Simone dreg i buksebein og armar og forstår ikkje kvifor ho skal ha noko på seg nedanfor knea og på armane, og vi synes det er litt godt at det er litt kaldt på morgonen og kvelden, sjølv om verskiftet har gjort oss alle tre forkjøla…
Med regnet kjem også det grøne fram! Rundt oss på alle kantar grønskast det, og det er utrulig godt. Eg var ikkje klar over kor mykje vakker natur og omgivelsar hadde å seie for meg, og eg kjenner no at det gjer meg godt å få litt gras rundt oss, det gjer også at søpla blir litt mindre synleg. I dag tidleg sette vi oss for første gong fast i gjørma rett utanfor huset vårt, og vi er spente på korleis vekene framover blir, med mykje regn og gater som berre er gjørme og mold. Men – det er vel dette som er ekte Afrika?

Litt om kvar av oss:
Jostein:
Har som før skreve på bloggen hatt hovudansvar for feltet her i ein månad. Det har vore veldig mykje å gjere og ha oversikt over, med flytting av gjestehus og kontor, og mykje administrasjon. Men stort sett er det kjekt. Godt å arbeide! Han har også tatt over radioarbeidet no. Saknar joggeturar og tennis med Espen (ettåring) og håper på ny ”partner” når nye misjonærar kjem om ein månad…

Elisabeth:
Har vore veldig sliten i det siste, og hatt ein augebetennelse det kravde fire forskjellige legar for å fikse (tja, den siste fann ut av det.) Det går betre no, og gleder seg over litt meir energi i kvardagen. Er ganske stolt over at eg endelig vann over skepsisen til å kjøpe lokalt kjøt på markedet, og er glad eg har litt overskudd til å prøve meg fram med matlaging av lokale grønsaker som eg ikkje kjenner til frå før. .. Små sigrar i kvardagen. Saknar å gå trilleturar med Simone, men det ligg ikkje akkurat til rette for det i Sebenikoro.

Simone Amalie:
Er stor jente på 11 månader. Ho trivs godt i Mali, og koser seg når ho kan sitte utanfor kontoret i ein grushaug og leike med andre barn. Dagen før ho vart 11 månader, bestemte ho seg for at nok er nok, og byrja like godt å gå! Og utviklinga går så fort at vi foreldra har vanskar med å følgje med.


Så takkar vi deg som les bloggen for at du ber for oss alle tre og arbeidet vi står i.


Elisabeth