Etter kort tid i Mali forstår eg kvifor misjonærar har hushjelp… Eg har hatt litt bismak rundt det å ansette nokon som skal vere ”tjenar” for deg, men hadde jo landa på at det sikkert var lurt å ha hushjelp, sjølv om eg i dei 15 åra det har gått sidan eg flytta heimanfrå har klart meg heilt sjølv … Men etter to veker var huset så skittent av støv, at eg brukte (som eg skreiv i ein annan blogpost) evigheter på å vaske eit stovegolv, og all ledig tid eg har hatt heime har eg brukt til å rydde, vaske klede for hand (viss vi ikkje har reist til gjestehuset i byen for å leige vaskemaskina der), vaske opp, etc.etc.
Ting er mykje meir tungvindt her. Vi har ein varmtvannstank på badet vårt (eitt av tre – kva ein no skal med så mange bad), så eg har valget mellom å gå i dusjen og hente vatn til oppvask, eller sette på vannkokaren. Støvet legg seg over alt, og berre få timer etter førre gang ein vaska over eit bord, er det like skittent igjen. Kjøper ein grønnsaker, skal dei klorast og vaskast med filtrert vatn, og vatnet skal gjennom eit filter – som også skal vaskast og kokast innimellom.
Så i går kom Juliette. Det var godt. Ho vaska golv og styrte på i heile går, og i dag har ho vaska klede. Varma vatn i ei stor gryte, og vaska med fire baljer, og hengt opp på taket…
Ei ganske stor utfordring er at ho ikkje snakker fransk – i alle fall ikkje mykje - og eg kan ikkje Bambara. Så det blir mykje kroppsspråk, leiting i bambaraordbok, og nok en del dobbelkommunikasjon. Men allereie har eg plukka opp eit og anna Bambarauttrykk--- nød lærer naken kvinne å spinne heiter det. Så i dette tilfellet må eg berre få opp farta for å lære bambara…
Elisabeth
Ellers heilt nytt av dagen:
Simone Amalie har for første gong truffe barnepika si, Madeleine. Og det verkar som om dei har fått ein god start:

Dei skal tilbringe mange timar saman eit par dagar i veka.