tirsdag, mai 23, 2006

Ettermæle


Søndag, etter møtet i Misjonssalen, gjekk Sofia og eg rusletur heim til Fjellhaug. På vegen stoppa vi opp ved ”Vår Frelsers Gravlund” her i Oslo. Vi tusla der mellom gravene, og såg namnet til den eine kjende ”landsfader” etter den andre. Her ligg Munch, Bjørnson, Ibsen, Prøysen, Henrik Wergeland og enda fleire begravde. Nokre hadde reine monument over seg, der stolte uthogde byster gjorde ansikta deira ”udødelege” , andre hadde meir nøytrale natursteinar. Dei mest kjende og æra låg i den såkalla minnelunden.

Eg tenkte det der eg gjekk og såg namna til dei kjende diktarane; Jammen har dei etterlatt seg mykje viktig kultur for oss som kjem etter; Ja, vi elsker, en skulle vøre fire år i romjul, Vildanden, Synnøve Solbakken, Skrik (ja, det spørs om ikkje akkurat det bildet er tapt, men det er jo ei anna sak…), og det er viktig å hedre og ære dei som var før oss, kjende eller ikkje.

Men så gjekk eg der, store navn og store personar. Men kva er att etter dei? Det gode namn og rykte, ja. Men dei er ikkje meir. Og i døden er jo alle like… Ingen spør etter rang og status når døden innhenter deg… Og ingen slepp unna.

Så, midt mellom mange graver, lyste det eit bibelvers mot meg: ”Jeg vet min gjenløser lever”… Eg veit ikkje namnet til den som hadde det på grava si, trur ikkje det var nokon kjend person. Men ho hadde grepe noko viktig, noko som gir håp utover den dagen ein trekker sitt siste andedrag:

Det var ein døden ikkje kunne halde i grava. Det var ein som vann over døden. Ein som gjer at dersom ein dør, og det gjer vi jo alle, ikkje berre blir eit godt namn og rykte, men ein som har eit evig liv, dersom ein ynskjer å la Han få vere Herre i livet sitt.

Jesus, min gjenløser, Jesus min frelser. Eg trur ikkje eg får noko monument etter meg når eg døyr, ikkje eit namn som går inn i historieboka, men eg får, gjennom Jesus Kristus eit evig liv.

Slik vart min vandretur på Vår Frelsers Gravlund eit vitnesbyrd om vår frelser, at grava er ikkje siste stopp, det er himmelen.

Ingen kommentarer: