fredag, desember 14, 2007



Dette er Torfinn.
Ja, det vil seie. Det er det norske navnet vi har gitt han. Han er vår nærmaste nabo. Han driv ein liten butikk vegg i vegg med oss, der ein kan få kjøpt mykje forskjellig. Han har ikkje vore her meir enn i tre veker lenger enn oss og er heilt ny i nabolaget. Han kjem frå Mopti, litt lenger nord i landet, der to koner og seks barn bur.

Torfinn er ein utrulig flott fyr. Han er Fulfulde, og kan heller ikkje Bambara- sjølv om eg nok trur han er mest beskjeden på det området.

Kvar dag må vi bort og helse litt og ”kjadre” litt med Torfinn –og handle litt brød og andre småting. Og er det noko vi lurer på, kan vi spørje han til råds. Dessverre for oss – bra for han- har han reist på ein månads tur heim til familien. Så det er lillebroren som driv butikken.

Torfinn er utrulig snill. Her ein dag før han reiste spurte eg han om han hadde ei vare eg har vore på utkikk etter. Det hadde han. Eg hadde ikkje pengar med meg, så eg sa at eg skulle handle det ein annen dag. Då sa Torfinn at dersom eg nokon gong ikkje har pengar, kan eg berre få varen likevel, og så kan eg betale seinare. Det gjer ikkje noko om det går ein månad. Eg takkar han hjerteleg, men kjenner meg litt flau. Han skulle berre visst alle dei tusenlappane vi omgir oss med for tida. (1000 franc er ca 12.50 kroner, og MASSE pengar for folket i området her). Vi kjøper sofagruppe og andre møblar til mange pengar og handlar importert mat, og så seier Torfinn at vi kan få handle på krita med han dersom vi manglar pengar…
Elisabeth

4 kommentarer:

Cathrine Pedersen sa...

Ja,ofte er mange såkalla fattige folk meir generøse enn nordmenn på mange område...merka det når eg var i Øst-Europa.

Håpar det går greit!

Klem

ZOddvar sa...

En velsignelse med gode naboer ja. Men hvorfor Torfinn? :)

E&J sa...

Godt spørsmål ja... Vi har det visst med å gi folk norske navn, for å unngå misforståelser dersom de skulle høre navnet sitt når vi snakker norsk. Det eneste som likner er forbokstaven. Så vi har faktisk en nabo som heter Oddvar også ;-)

Ellers er det Olav, Arnfinn, Janne, Siri m.fl

Så har da også vi fått maliske navn, men det får vi skrive mer om i en bloggpost senere

E&J

ZOddvar sa...

Hehe. Kanskje vi skal gi våre naboer afrikanske navn. Da har vi i så fall Mkulele og Buwala, Taku og Kwaliwawimba m.fl :)