onsdag, mars 01, 2006

Parlez-vous francais?



Kva er Bamako og kva er Paris,trur du? Sattelitbilder fra Google Earth. (Dette er berre utsnitt frå byane...)




Har du oppdaga Google Earth?

Google Earth er en fantastisk kul oppfinnelse!

Dette kan du laste ned på pc'en og så "reise rundt i verda" med satelittbilder (må vere tilkobla internett, altså).

Ikkje alt er like klart dersom du søker inn på forskjellige stader, men både Paris og Bamako er svært så tydelege. Eg har faktisk funne gata der vi skal bu i studieåret i Frankrike! Gøy. Skal bli kjekt å gå på den gata igjen...

Må nok innrømme at eg tel månader til vi skal til Frankrike. Ikkje det at eg har romantiske illusjonar om opphaldet der, eg har jo hørt litt av kvart om det franske utdanningssystemet. Godt er det for meg at eg har grunnfag i fransk frå før, men min såkalla "bedre halvdel" må nok jobbe litt med fransken her i Norge før vi set oss på flyet til Paris, slik at han slepp å bli mobba av lærarane...

Men det blir veldig godt å komme ut av landet til neste steg...Eg har forresten budd på den skulen i seks månader tidlegare (våren 1998)og forelska meg i Paris. For ein herleg by å vere i. Drøymer om å gå langs Seinen, ete ein gresk sandwich (som var mitt faste kjøp) i Latinerkvartalet, sitte i Jardin de Tulierie og sjå på folkelivet...
Drøyme... enn så lenge kan eg gjere det på Google Earth...

Håper forresten på masse besøk når vi er i romantikkens by- kjem du?

Jardin de Tuilerie, Paris

4 kommentarer:

Anonym sa...

JA! Eg vil svært gjerne kome på besøk! Og JA, Google earth er veldig kult!

Sofia sa...

den nedre ær Paris...
eller var det Kisumu ;)

Reier sa...

Ein ting som mange gonger har skremt meg ved GEarth, er at Stavanger sentrum ikkje er dekka av detaljerte kart.

Men ein stad som Tananger, er derimot like detaljert presentert som Karl Johan ... Nokon som kan forklare dette?

Elisabeth og Jostein Sæth sa...

Skriver du Kristiansand, Norway - så ender du faktisk opp i Kristiansund. Så det er nok ikke helt perfekt nei. Men lille Drangsholtvann i Tveit (utenfor Kristiansand) er behørig markert på bildet...
Men en flytur fra Drangsholt til Bamako på Google Earth er svært fascinerende. Og aller mest fascinert er jeg av hvor enormt stor Sahara er...

Sjekk det ut :-)

Jostein