tirsdag, mars 07, 2006

Kultursjokk i sikte?

Han her står vel i fare for å få kultursjokk...


Vi sit i kvar vår stol og les. Ja, vi har eksamen på fredag – i missiologi. Vi les om kulturkunnskap, tverrkulturell kommunikasjon, religionsteologi osv osv.

Det går mellom anna på å bli bevisst sin eigen kultur, sette seg inn i forskjellige typar verdsbilde, og kanskje ikkje minst korleis ein som misjonær vil oppleve å kome til ein annan kultur.

Det er utrulig kor mykje tankeverksemd dette fører til. Skal tru korleis vi kjem til å oppleve det å flytte til ein heilt annan kultur? Berre det å ha språk som ein toåring og ikkje kunne uttrykke seg på dei mest enkle ting, eller når det plutselig går opp for deg at du har fornærma ein person utan at du forstår kva du har gjort... Eller det går opp for deg at ja, her skal du faktisk bu, ja ikkje berre det, men arbeide, og vinne menneske for Jesus…

Eit sitat frå pensum (det står dessverre på nynorsk):

Life in a foreign culture leads to misunderstandings and ethnocentric responses and also to culture shock. This is a period of confusion and cultural disorientation in which people who moves from one culture to another may find it hard to cope with even the simple tasks required to stay alive.

The shock does not arise from sights of poverty or lack of sanitation, but stems rather from the fact that those in an unfamiliar culture do not know the language or even the simplest rules of social behaviour. Suddenly, they have become children and must begin again to learn a whole new way of life. To add to the confusion, cultural landmarks that appear familiar may in fact be foreign, because the same behaviour has a radically different meaning in a different society.


Ein ting er iallefall sikkert. Dette semesteret har vore veldig lærerikt. Om ikkje eg har fått alle svar, så har eg fått desto fleire spørsmål og tankar som må få arbeide i meg lenge...


Elisabeth

ps. Be gjerne for eksamen på fredag. ds

4 kommentarer:

Mor åse sa...

Nå tror jeg du, svigerdatter, allerede er blitt språkforvirret.
Håper du i fremtiden vil se og høre forskjellen på engelsk og nynorsk.Er det all lesingen som har tatt så på? Jeg skal huske dere begge på eksamensdagen,fredag.

Elisabeth og Jostein sa...

Er ikke engelsk det "nye norske", da? ;-)

Elisabeth

Pappa Jon Arne sa...

Jau, eg forstod nynorske...
Artig bilete - er det du som er reven altså?
Vi skal nok tenkje mykje på dykk i morgon!

Elisabeth og Jostein sa...

Hei Paps.

Takk at de tenkte på oss i går. Det gikk jo greit, og eg var ikkje særlig nærvøs heller, begynne å få erfaring etter 23 eksamenar då.. :)

Ja, kjem vel til å føle meg som reven i hundeflokken ei lita stund, men satser på at eg etter kvart gløymer at eg er rev, iallefall av og til

Ha en god dag