fredag, januar 27, 2006

Eit høgdepunkt...


Synste Møre, mi kjære lokalavis. Ein gong i veka kjem ho ut, med svært så lokalt lokalstoff. Den store saka forrige veke var ei svane som hadde fryst fast i fjorden. Ei heilside om den dramatiske redningsaksjonen. I dag var hovedsaka om mogleg hurtigbåt frå Vanylven til Ålesund. Og at ein hjort vart påkjørt og at ein lokal helt er nitti. Det er ikkje så mykje som skjer i heimkommuna mi, det må nok innrømmast.

Men du kor kjekt det er å få livsteikn heimanfrå. Eg kjenner ansikta, og navnet til dei som skriv lesarinnlegga, og ikkje minst stemma bak ”den sinte mannen i telefonen” som sjølvsagt må få meininga si i avisa.

Eg saknar den lille bygda ”mi” der mellom fjorden og fjellet, og det nærmaste eg kjem å bu der, er nok å lese om den i mi kjære lokalavis...

3 kommentarer:

Anonym sa...

Hehe ja det er vel ikkje akkurat verdens største nyheter her inne i Vanylven. Rart med det,kor kjekt det er å lese en rapport heimafrå når en ikkje bur her.Jaja, ha ei god stund med avisa di søss...

Gjermund sa...

Skjønner hva du mener! Vår "avis" heter "Rennebu-nytt" og kommer ut en gang i måneden eller noe slikt. Koselig!

Anonym sa...

Det er rart med dette med lokalaviser. Når du kjem til Afrika vert postgangen treigare, så då får du bruke nettet:
www.synste.no