Godt nyttår til alle der ute :-0
Det har vore svært så stille på bloggen vår nokre veker. Hatt ein lang og sløv juleferie på Sørlandet, men no er vi attende i Tigerstaden, og nye meir eller mindre djupe tankar skal få leike seg på denne sida...
la oss begynne med ein gong.
Eg prøvde meg ei kort periode som selgar- ja, du veit sånn med home parties og helseprodukter osv. Eg var skikkelig tend for saka ei stund . Men av forskjellige årsasker har eg nok ikkje klart å halde den interessen ved like.
Det som gjer at eg kom til å tenke på min lille karriere som selgar, er at eg i jula tilfeldigvis traff på han som eg hadde som kontaktperson denne tida. Han har jobba seg oppover og lever av å selge slike produkt. (Aloe vera, krem osv). Vi kom sjølvsagt i prat, og det einaste han prata om var FLP (forkorting for navn på produkta). Han var skikkelig gira, og berre bobla over av entusiasme over dei fantastiske muligheitene både når det gjalt salg og produkt.
Når vi sa 'ha det' satt det igjen ein tanke hos meg som har levd i meg desse siste vekene: Eg har det beste "produktet" å selge: Jesus vil ha noko med menneske å gjere, ja, ikkje berre det, han var villig til å ofre seg sjølv på grunn av meg. DET er kjærleik det, og gode nyheter som gjeld dei rundt meg.
Kor brennande er eg for å dele dette? Like brennande som min forhenverande FLP-kollega?
Det vart ein tankevekkar for meg.
Elisabeth
fredag, januar 06, 2006
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Bra sammenligning, Elisabeth.
OG i salg skal man alltid tenke på markedet og på behovet. Og ingen andre produkter har bedre marked, eller fyller et viktigere behov enn det dere skal ut og "selge" til Malifolket!
Godt salg!
Legg inn en kommentar