mandag, januar 23, 2006

Eit forbilde…


Eg har ei kjær venninne. Negin, heiter ho. Eit vakkert menneske. Eg kallar ho søstra mi, og faktisk, vi er litt like; samme mørke hår og mørke auge. Ho kallar meg ”my angel”, men kven er det som eigentleg er engelen? Kven var det som stilte opp to heile dagar for å hjelpe til med å flytte og vaske ut av leiligheta når vi flytta til Oslo, kven er det som ber i timesvis for meg, eller masserer ryggen min når eg er sliten?

Negin vaks opp som ein god muslim. Ho ønskte å gjere det som var rett overfor Allah. Og ho levde alltid i frykt for om ho var god nok for Allah, men som ho sa: ”Eg elska Jesus”.
Ho las om Jesus i Koranen og vart rørt av Han, og kor annleis Han var frå Muhammed. ”Korleis kan det ha seg at Jesus aldri gifta seg, at Han gjorde så store ting, i motsetning til Muhammed? Men, tenkte ho- det er en stor synd å tenke slik, tenk om Allah fikk vite det…

Det gikk mange år, ho mista trua på at det var nokon Gud, ho forelska seg i en fantastisk mann, dei gifta seg, men rett etter må dei rømme frå landet på grunn av hans politiske engasjement.

For å gjere ei lang historie kort: I Europa møtte ho Jesus, og han forvandla livet hennar totalt. For to år sidan kom dei til Kristiansand, og gjekk rett inn i hjertet vårt.
- og ho er eit stort forbilde for meg. Ho har slik ei tiltru til Gud- det lyser Jesus av henne, og ho brenner slik for å fortelle om Jesus.

Dei har det ikkje enkelt. Mykje er usikkert i livet deira, men ei slik tiltru til Gud skal ein leite lenge etter. Idag fekk vi lese eit dikt Negin skreiv ei natt i si fortviling. Det er på hennar morsmål, men er oversatt til norsk. Eg fekk lov til å gjengi det på bloggen, for ho vil så gjerne vitne om kva Jesus har gjort for henne:


Jeg, håpløs, urolig, flyktning uten hjem,
med en ryggsekk full av synd, med et trist og såret hjerte
-Med en uklar skjebne full av tvil og spørsmål
Med tårer, bitterhet knyttet til misunnelse, forbannet til dødens grense

Min Jesus, mitt håp, du min yndlingskonge,
Hvor vakkert du kom inn i den mørke natta mi,
Med ditt skinnende lys belyste du hjertet mitt
Du renset meg med ditt eget blod, helbredet min ånd.

Du salvet sårene på min sjel og ånd,
Du ble korsfestet for meg, gjeldsbrevet ble tilgitt
Mine smerter tok slutt og ble leget,
du ble livets brød og min frelsesvei

Er ikke redd lenger for uro og kamper
Jeg har deg i mitt hjerte, du endeløse klippe
Har ikke annet ønske enn dette:
at jeg ser deg hver dag,
og kysser dine føtter.

3 kommentarer:

Gjermund sa...

Fantastisk! Hva mer er det å si?

Anonym sa...

Rørande historie og vakkert dikt! Og så nyttar eg høvet tl å seie velkomen heim tl Sunnmøre snart!

Helsing pappa

PG sa...

fint dikt:)