mandag, mars 30, 2009

Hjarteskjerande forskjel

Eg hadde besøk av to ivorianske damer på fredag. Den eine er gravid, med fødsel nært foreståande, så det var naturleg å snakke om svangerskapsomsorg og fødsel.

”Betalar du for å føde på sjukehus her”, spurde eg? ”Å ja, sjølvsagt”, var svaret. Og summen ho nemnde var ikkje liten. Faktisk like mykje som barnepassaren vår som arbeider i 60% stilling får i månaden. Men, kva skjer dersom ein ikkje har pengar med seg, lurte eg på. Jau, då tek dei ”pant” i barnet. Tek barnet frå mora til faren kjem med pengane, og ikkje er dei særleg hjelpsame under fødselen heller. .. Dersom ein absolutt ikkje har pengar, må ein berre føde heime. Men, som ei av dei sa, det er ikkje ynskjelig frå legane si side, grunna komplikasjonar og slike ting… Men kva gjer du?

Seinare den dagen fortalte den eine av desse kvinnene at kusina hennar i landsbyen heime hadde venta tvillingar, og fødde no i førre veke. Svigerforeldra nekta å betale sjukehuspengar, så ho kom seg ikkje på sjukehuset. Ho fødde heime, og det gjekk som det måtte gå… Ho og eit av borna døydde. No prøver ho å tenke ut muligheiter for å skaffe pengar til morsmelkserstatning, og tenkjer og å sende nokon til å hente eit av dei større borna til å bu hos seg, men pengar til billett (300 NOK t/r) virkar uoppnåeleg å skaffe.

Det er så hjarteskjerande å møte denne røyndomen. For ti veker sidan i dag fødde eg eit born. Eg var på eit moderne sjukehus, med gode hjelpemiddel og all den hjelp ein kan tenke seg. Begge mine fødslar kan nok seiast å vere kompliserte, og det slår meg at ”under ein annan himmel”, med mindre ressursar og ikkje gratis, flott helsevesen, så hadde det ikkje gått så bra. Dette er røyndomen svært mange afrikanske kvinner lever i. Det å føde er å leve eller å dø, i alle fall når du ikkje har pengar til å betale sjukehusrekninga…

Dette vesle barnet i heimlandsbyen til mi nye ivorianske venninne har kverna i hovudet mitt denne helga. Helst hadde eg hatt lyst til å få det hit til meg, og forsikre meg om at det fikk nok mat av reine flasker. Og kjærleik. Men eg veit jo at det ikkje er slik det funkar. Men akkurat no blør mitt hjarte for mine afrikanske søstre og foreldrelause born… Og det store spørsmålet blir: Kan eg gjere noko for å hjelpe?

2 kommentarer:

Anonym sa...

Du skriv godt Elisabeth. Kva kan ein seie - ein hard og brutal kvardag for desse afrikanske damene, ja. Kjenner til det med å berre ville ta alle ungar og gje dei ei framtid, hugsa godt det då vi hadde matutdeling i Etiopia....
Og korleis hjelpe?...kanskje betale litt i mnd fast til denne som ville ta seg av den babyen som overlevde??
Anne Birgitte

Berit Harnes Monsen sa...

Får skikkelig vondt av å lese hvordan livet kan være. Blir takknemlig for helsevesenet her hjemme- tar det som en selvfølge, vet du...
Enig med storesøster at du skriver bra:-) Kanskje du skal skrive bok om livet i Vest- Afrika..? Jeg ville i alle fall kjøpe den;-)
Berit