onsdag, mai 28, 2008

Heime igjen!


Vekke bra....



- men heime ALLER best

Laurdag kveld kom vi heim til Sebenikoro etter fem veker vekke. Vi hadde hatt det så bra i Abidjan, at vi eigentlig godt kunne ha blitt verande der. Men, vi hadde knapt kome innforbi døra før Simone Amalie lyser opp og kryp som ein virvelvind rundt til dei forskjellige roma. Det var så tydeleg: ”Her er det eg høyrer heime”. Når ho kom til stova og fann korga med leiker, kom ho med gledesutbrot og byrja å utforske alt det kjende og kjære som ho hadde vore utan i heile fem veker. Vi har også merka at ho er mykje mindre klengete på mamma her enn tidligare. Her kan ho styre for seg sjølv på stova sjølv om eg går ut og inn av rommet. Godt for mammaen…

Dagen etter at vi kom heim, helste vi på naboar, alle med glade ”velkommen”, og ”korleis var det i Abidjan?” Det var veldig godt å merke at vi høyrer heime i Sebenikoro, kjekt å vere ilag med hushjelp og barnepike igjen, kjekt å treffe medmisjonærar igjen – før alle saman reiser heim til Noreg, enten på ferie eller heimeopphald…

No ventar ein sommar her på feltet, der vi fleire veker blir aleine NLM-arar her. Då kan det vere greit å ha gode naboar…
Elisabeth

1 kommentar:

Anonym sa...

Så herlige bilder av ei skjønn niese og kusine!! Skal si at ho har vokst og blitt stor!! Det var godt å høre at det var godt å komme hjem igjen. Håper alle tre får det greit og får krefter og helse i tida framover. Tenker og ber mye for dere!! Klem fra tante Elisabeth med familie, som savner dere alle sammen!!