torsdag, mars 13, 2008

Ufattelig rik

(Dette biletet er tatt frå porten vår. I gårdsplassen ved det store mangotreet var gravferda.)



Ein nabo døydde i forgårs, og eg tenkte eg ville gå i gravferda. Klokka fire gjekk eg og hushjelpa dei få metra over gata og til andre gardsrom på høgre side. Kvinner i fargerike klede satt tett i tett enten på matter eller på innleidde stolar under mangotreet og presenningar som var strekt utover for å gje litt skygge frå den brennande afrikanske sola. Nokre få menn satt på stolar som var sett ut i gata med ryggen mot huset. Tida gjekk, fleire og fleire kvinner kom, stolane vart tatt vekk og matter vart lagt på bakken for å gi plass til enda fleire. Kanskje 200 kvinner var der inne. Nokre grein stille, andre snurra på bønnekransar, medan dei fleste satt med alvorlig mine. Få sa noko. Hushjelpa gikk inn for å helse på enka, så eg vart med. I eit lite rom med grå umalte murveggar sat kvinner med trist mine. Eg visste ikkje kven som var familie til den avdøde. Eg må innrømme at eg ikkje kjende han som var død. Hadde sikkert helst på han på veg til å kjøpe brød, men ikkje noko meir. ”Ala ka hine a la”, sa eg til enka og dei som satt der inne. Her er det vanleg å gje pengegåver til dei etterlatne. Eg visste ikkje kva som var vanleg, men hadde med meg 2000 francs (25 kroner) - og håpte at de ikkje ville bli sett på som gjerrig... Så la eg pengane i calabastkrukka som stod framføre enka. Det gikk et gisp gjennom rommet. Tenk, kvitingen ga 2000 francs. SÅ mykje! I krukka låg det småmyntar på 25 og 50 og 100 francs.


Eg skjemdes, og satt og tenkte lenge under seremonien at eg hadde gjort ein stor bommert som hadde gitt så mykje. Men bestemte meg for å tenke at dei veit jo at vi kvite har uhorvelig mykje pengar, og no kom eg og var med på gravferda og gav av mi overflod. Enka kom bort til meg og takka stort. Tenk, dagen før hadde mannen vore frisk ”foyi tun ta la” (han feila ingenting), sa hushjelpa mi til meg då ho fortalte det. Og no sat enka der. Dei som kom i gravferda ga sine småmyntar til å hjelpe til, men kor mykje rekk det til? Vi bruker 2000 på ein pakke potetgull. For meg er det småpengar. Men for naboen min er dette ein kjempesum, noko ho kan leve på lenge.

Eg er ufattelig rik. Men ein rikdom har dei som satt der som vi har mista i vårt rike Noreg. Her stilte dei opp for kvarandre. Alle ga av sin fattigdom. Her har ein familie gjennomsnittleg 450 kroner å månaden å leve for. Men dei ga. Dei gråt saman med enka. Dei sat der stille og viste si medkjensle.
Men ein rikdom hadde dei ikkje fått del i. Ingen der kjende Jesus så vidt eg veit, bortsett frå mi katolske hushjelp og eg sjølv. Alle løfta dei hendene mot Allah og bad til han. Naboen min døydde utan å kjenne Jesus, utan at nokon hadde fortalt han. Dette er malinkéar frå Naréna som har flytta til storbyen for om mogleg å finne lukka. Malinkéane er stolte av sin muslimske bakgrunn. Kristendommen er dei kvite sin religion. Kan du be om at naboane mine må få møte Jesus, og at min rikdom og hudfarge ikkje gjer at folk tek avstand?

Elisabeth

2 kommentarer:

Gjermund sa...

Kjære Elisabeth!

Kjempefint at du møtte opp i gravferda! Eg trur det var eit vitnesbyrd i seg sølv! Etter kvart skal du sjå dei tenkjer meir om deg enn "kviting" og "riking". Eg trur dei gjer det allereide! Eg trur at livet dykkar vitnar meir om Jesus enn de anar!

Klem frå Kjersti

Anonym sa...

Kjære Elisabeth, Takk for et gripende hverdagsglimt. Det inspirerer til å be for dere og for dem dere lever blant.
God påske!
Hilsen Asbjørn