tirsdag, mars 11, 2008

Det går bedre...

Det er ikkje alltid like enkelt å finne seg til rette i ein ny kultur, og når ein er sliten, er det lett å ikkje klare å løfte blikket høgt nok til å oversjå søppel og anna ”dritt” rundt ein. Tusen takk for forbønn og omsorg etter mitt forrige blogginnlegg. Eg har heilt konkret merka at eg har blitt løfta desse siste dagane. Og det er eg sikker på er fordi eg har blitt bore på bønevengjer.

I det siste har eg slappa meir av når eg har vore heime. Vi har laga det til koselig på terrassen utanfor huset med sofa og bord og grønne plantar. Der kan vi sitte heilt usjenert , og plantane i krukkene skjuler utsikta til sanddungen som hagen vår er. Eg har dei siste dagane klart meir å slappe av frå følelsen av at ”alle” legg merke til at vi er så mykje inne og ikkje går ut. Eg har lagt merke til dei siste dagane at ungane i gata har begynt å rope navnet mitt Nasera eller Isabell i staden for Tubabu. Det kjennes betre. Eg har også fått kjenne meg mindre bunden av det dårlige samvitet eg har kjent på tidligare. Vår oppgåve no er å lære språk, prøve å finne ut av livet i Mali, og ikkje stresse med å skaffe flest mulig kontakter. Vi får snakke med dei som kjem i vår veg.

Eg har vore nedfor for at eg ikkje har klart å vere i noko særleg fysisk aktivitet her, føler meg innestengt her i Sebenikoro, prøver å gå tur, men som sagt, litt slitsomt med all merksemda Som ein kollega sa her ein dag ”tenk om eg berre kunne få vere meg sjølv”. No har eg funne god løysing. Barnepika passer Simone to ekstra timar ein dag slik at eg kan gå med stavar i ein park nær kontoret samtidig som Jostein joggar med kollegaer der, og så blir det svømming på hotell ein dag i veka.

Så fikk vi ei skikkelig opptur-helg på det sosiale planet: Fredag blei eg invitert med på ”kvinne-te” på SIL (misjonsorganisasjon), av Carin (ei som vi gikk på språkskule med i Frankrike).Der fekk eg treffe fleire misjonærar. Laurdag fikk vi overraskelsesbesøk, først av misjonærkollegaer, deretter av eit par som arbeider i KN som var i nærleiken. Søndag var vi på søndagsskule for vaksne på ein amerikansk skule og møtte fleire koselige folk der, og på ettermiddag var vi til Narena i bursdagsselskap til Jan David Selstø og hadde ein fott dag i lag med misjonærkollegar i tillegg til at vi fikk sjå vakker malisk natur på vegen dit.

Eg føler virkelig at vi har blitt løfta fleire hakk denne siste veka. Eg veit at denne kultursjokkfasen er tøff å få igjennom, og eg veit at eg ikkje er den einaste, og eg veit at den tøffe starten også heng sammen med at eg var veldig sliten når vi kom, og ein ny livssituasjon som småbarnsmamma. Eg var jo på ein måte forberedt i teorien, men i praksis er ikkje alltid lett. Så tusen takk for at du ber, fortsett gjerne. Det er mange utfordringar med å vere her. Og det blir nok heilt sikkert mange fleire tunge dagar. Men no vil eg takke for betre dagar.

Elisabeth

4 kommentarer:

Anonym sa...

Det var virkelig godt å høre at du ser lysere på tilværelsen!! Vondt å lese at du har det så tøft! Tenker mye på dere og ber for dere hver dag. Avstanden føles stor mange ganger. Savner dere veldig og ønsker dere det aller beste!! Skal prøve å bli flinkere til å maile og til å ringe på skype. Håper dere får noen gode dager sammen nå når påska nærmer seg!! Vi gleder oss til besøk fra Ørsdalen i morgen. De blir til mandag etter palmesøndag. Det blir koselig!!Glad i dere alle tre! Klem fra tante, svigerinne og storesøster Elisabeth.

Anonym sa...

Hei Elisabeth!

Du er så flink til å skrive!!!
Føles nesten som å være tilstede sammen med dere, når jeg leser.
Tydelig at dere går gjennom flere ulike faser og at det til tider kan være tungt. Tenker masse på dere!
Stå på videre og husk at venner og familie bare er et tastetrykk unna!

Klem fra Ruth

Anne Birgitte sa...

Så godt kjære søster! Det vart vi glade for!!
Stor klem frå storesøster:)

Ruth M sa...

Hei Elisabeth og Jostein

Tok ein tur innom sida dykkar idag. Lenge sidan. Faktisk godt å lese ærlege innlegg om livet dykkar. Gode ynskjer om glede i livet frå meg - som veit at kroppen kan vera tung å få med, sjølv om planane ein hadde var annleis!

Klem Ruth