torsdag, mars 29, 2007

Kva er då eit menneske?

Eg får vel begynne med å beklage meg overfor dei som ikkje likar lange bloginnlegg… I dag har eg mykje på hjartet…

Tirsdag var vi på ultralyd! Eit perfekt lite fem månader gammalt menneske låg der inne i magen min. Ein turbobaby med armar og bein i alle retningar. Og legen fann ingen ting gale. Det er virkelig eit stort under å skulle bli foreldre. Og det er jo ikkje sjølvsagt å få eit friskt barn – og det får vi jo ikkje 100% svar på før barnet er født…

På min første svangerskapskontroll fekk eg påpeikt at sidan eg ikkje hadde valgt å ta ultralyd (UL) i veke 12 var det no for seint å finne ut via UL om barnet hadde Downs Syndrom (DS) ved å sjekke den berømte nakkefolden. Men, eg burde ta ei blodprøve som kunne gje svar på det same, i tillegg til å finne svar på om den lille hadde nokre andre ”kromosomfeil”. ” For, mange vel å fjerne det i så fall”, sa ho. Eg sa at det ikkje kom på tale, og at vi ønskte å ta imot Nurket same om det bar på ”feil”, og at vi dermed ikkje ville vite det dersom det hadde DS. Ho såg nærmast uforståande på meg når eg sa at eg heller ikkje ville ha rekvisisjonen på blodprøva. ”Dette er alvorlige saker, frue. De er to om det, ta no med denne rekvisisjonen og informasjonsskrivet og bestem dykk saman”. Eg kom heim, las med tårevåte auge informasjonen eg fekk. Eit av argumenta var at barn med DS no har estimert levealder på 50 år. 50 års bryderi?

Og eg kjenner eit stikk av sorg på vegne av alle franske barn, alle dei barna som ikkje får leve opp fordi dei ikkje er friske. I løpet av sju månader i dette landet kan eg med sikkerheit seie at eg har sett to (2) barn med funksjonshemming,og berre eit par voksne barn (ungdommar) med DS, ingen barn. Og eg veit av misjonærar eg har snakka med som kjenner familier som har barn med ”syndrom” at det er ein hard kamp for å få tilrettelegging i skule og barnehage. Det virkar ikkje som dette samfunnet har plass til ”annerledesbarn”.

Klart livet hadde blitt snudd på hovudet dersom det no viser seg at vi får eit sjukt/annleis barn. Det hadde sjølvsagt vore ein tøff beskjed å få. Men kven er vi til å sette oss til herskarar over liv og død? Kven er vi til å seie at eit annleis liv ikkje er eit godt liv?

Er det dette vi vil ha i Noreg? Enda er det ikkje tilbod om UL i veke 12, eller denne blodprøva i Noreg. Vil vi ha dette? Er ikkje menneskeverdet verdt å kjempe for? Er ikkje alt liv heilagt?

Sal 139:15f
Mine bein var ikkje dulde for deg
då eg vart skapt i løyndom
og forma djupt i jorda.*
Du såg meg då eg var eit foster,
i di bok vart alt skrive opp;
mine dagar fekk si form
før ein einaste av dei var komen.


Elisabeth

4 kommentarer:

Anonym sa...

Kjære Elisabeth!
Det er så sant som det er sagt det du fortel om. Gud gjev alle sine skapningar verdi, uansett kor "funksjonelt" det er. Ingen er meir eller mindre verd enn andre. Viktige verdiar å halda fast på, å huska på menneskeverdet. I et gudlaust postmoderne samfunn har vi mista det persektivet, at Gud er skaparen av alt liv og at livet er i hans hånd.
Eg syns du er tøff som vitna med dine haldningar at du har et anna syn på mennesket.
Gud velsigne deg, Elisabeth!
Så får me be om at Gud må sjå i nåde til vår tidsalder.

Anonym sa...

AMEN! AMEN!

Stavtjørn Alpin sa...

Sterk historie, Elisabeth. Viktig å få fram dette.

Anonym sa...

Takk Elisabeth for di sterke påminning. Eg er så enig så enig.
Gud velsigne deg og dykk alle tre!