torsdag, juli 27, 2006

Mitt barndoms paradis

I mitt barndoms paradis var somrane alltid fylt av sol, varme, nakne tær, måkesong, saftis i kopp, bading i fjøra og i elva like ved huset vårt - og grønt deilig gras å ligge i og sjå på at Gud høgt der oppe laga eventyr av skyene.

Og i mitt barndoms paradis var det eg som var dronninga som eigde heile verda: eg klatra i trea, gikk på skattejakt etter smykker og fine steinar som eg sjølv hadde greve ned ein gong. I min eigen idrettsgrein elveløp (som bestod av å springe fortast mulig på steinane i den vesle elva ved sidan av huset), var det alltid eg som vant.
Eg elska å ligge nede på brygga og fiske etter bergylter og andre fiskar med millionar av vakre fargar, dei beit alltid på - og det var sjølvsagt eg som plukka korningane som eg knuste for å sette på kroken til agn, eller eg gjekk opp vegen til den vesle fjelldalen rett bak huset vårt og overnatta i nestenbestefar Leif si lille seterhytte, eller eg snakka med dei søte sauene våre, eller rei på Knoll og Tott (ein ver og ein okse som hang sammen som erteris)

Ja, i mitt barndoms paradis var det alltid sol og brune tær, - og ei lita sommerbrud (meg) om sommaren.

Og no sit eg her midt i dette paradiset og kjenner korleis minnene varmer meg - Ute skin sola, eg har nakne tær, og har akkurat site på brygga med eit dovent fiskesnøre og kjent sola og sjølufta i ansiktet, og kjenner: her høyrer eg til, og vil alltid gjere det, mellom fjella og sjøen -

Elisabeth

1 kommentar:

Gjermund sa...

Dette hoertes trivelig ut! Kos deg og frisk opp mest mulig av det. Du faar helt sikkert glede av gode minner snart!

Gjermund