onsdag, februar 01, 2006

Talerferd på Sunnmøre :-)

Heile denne veka er vi på NOREA-turne på Sunnmøre (og ein kveld i Romsdalen)! Kvar kveld skal vi vere med på såkalla jubileumsmøter i høve Norea sitt 50års jubileum. I går var første møte, på Valderøya. Jostein leda og hadde ansvar for det tekniske, og eg song og spelte. Og godt er det at Jesus ikkje er avhengig av at alt det tekniske fungerer, og ikkje minst av at stemma er topp. Det vart mykje ”puffing” og knitring i lyd, og eg har klart å bli sjuk, og det var berre eit under at eg klarde å synge – ja, vere der i det heile tatt... Kjekt å oppleve at ein får det ein treng når ein treng det. Og så er vi så heldige å få reise saman med Pet Karlsen. Ei flott dame!

Det er veldig kjekt å kome rundt og treffe ”misjonsfolket”. Og så er det jo veldig bra at vi kan ”promotere” vårt prosjekt; radioprosjektet i Elfenbenskysten. Når vi reiser rundt på denne måten, vil folk verte kjent med ansikta våre, og lettare hugse på oss i bøn. – og utan ”bønne-back-up” er det lite ein kan gjere.

Vidare skal vi besøke Brattvåg, Vestnes, Valle, Engesetdal og Stordal.

Fint dersom du vil hugse på oss i bøn – Vi skal tale på fredag og søndag. Ellers skal vi lede møter, presentere prosjekt og synge og spele. Mykje som må vere i orden, altså. Be og spesielt om at influensasymptoma mine kan gå over…

Elisabeth

Ps. Det er ein rykande fersk blogg om Josteins favorittlag under her…

1 kommentar:

the blowers daughter sa...

Oppdaga denne bloggen ved en tilfeldighet, men nå skal jeg stikke innom jevnlig! Jeg fikk et smil om munnen da jeg så at det var deg, Elisabeth! Tviler på at du husker meg, men du gjorde livet mitt litt bedre da jeg gikk på Borga:) Skal ha dere på bønnelista mi!