torsdag, februar 23, 2006

Mahoufolket


Mahoufolket i Elfenbeinskysten er ei lita folkegruppe som tel opp mot 150 000. Omtrent halvparten av desse bur i Abidjan, den andre halvdelen i nordvest i landet, i Touba fylke, der NLM har hatt arbeid sidan 1984.

Mahoufolket tilhører malinkeane som igjen er ei undergruppe av den store mande-folkegruppa. Mahoufolket har sin opphav i det gamle kongedømet Mali. På 14-1500-talet var det stor handelsverksemd mellom Mali og Elfenbeinskysten. Den stolte Diomande-klanen, kjende som handels – og krigarfolk, var dei første mahouane som slo seg ned i Elfenbeinskysten. Dette var rundt år 1550. Ofte dreiv dei ut dei opphavlege innbyggjarane i landsbyane (yakoubaane, som slo seg ned i området lenge før år 1000). På 1700-tallet slo muslimske familiar frå Mali og Guinea seg ned i dette området. Mahouspråket har utvikla seg i samspel mellom desse.

Religionen er ein naturleg del av livet til ein mahou. Mahoufolket er 96.9 % muslimar. Islam kom til Touba-området på 1700 talet. I 1930 var det omtrent 30 % av mahouane som var muslimar. 30 år etter rekna 90 % seg som muslimar, så den muslimske veksten har vore formidabel. I dag er det å vere mahou einsbetydande med å vere muslim, og islam er dei naturlege rammene rundt alle delar av livet.

Det å snakke om mahoufolket som eit muslimsk folk i ortodoks tyding gir ikkje eit rett bilete av tilhøva. Til dømes kan imamen vere både fetisjør og på same tid utøve fredagsbøna i moskeen. Samtidig med at islam er rammene for livet, er den animistiske tradisjonen og andelege røyndomen sterkt i hevd.

Frå fødsel til død handlar livet om å verje seg mot onde makter, hekser og besvergelsar. Allah er ein fjern skikkelse som ein vanskeleg kan påvirke, medan andene som er rundt ein på alle kantar i høgaste grad kan styrast av handlingar og riter. Kvardagen er prega av frykt for vonde makter og kontaktar med mellom anna sannsigarar, maraboutar og masker.

Eg kjenner på ein trang til å be deg som les dette å be for mahoufolket. Be om at dei må få oppleve å kjenne han som ”avvæpna maktene og herredøma og synte dei ope fram, då han viste seg som sigerherre over dei på krossen”. (Kol 2.15)

1 kommentar:

Pappa Jon Arne sa...

Imponerande kor godt de set dykk inn i tilhøva på Elfenbenskysten! Vonar verkeleg at de får komme dit også - at der må bli fredelege tilhøve igjen. Fin nasjonalsong forresten!
I dag har vi lese interessant stykke om dyk i "Glimt" også!

Her heime ventar vi besøk av onkel Bjarne i dag. Sola skin og vi har gått lang tur!
God helg!
JAL