mandag, november 26, 2007

Sebenikoro-tankar...

Det er kveld i Sebenikoro. Simone Amalie har fått seg mat, og i eit rolig augneblink smiler ho til speilbiletet sitt på teppet på golvet. Ute syng grasshoppene, ein radio står høgt på ein stad utanfor, og viftene i taket gjer det dei kan for å klare å overdøyve det heile… Tenk, vi er i gang- vi er i Sebenikoro, i Mali. Om det var slik eg hadde forestilt meg det? Eg veit ikkje… Eg hadde ikkje heilt klart å sjå føre meg noko særleg, men det eg opplever kjem foreløpig ikkje som noko stort sjokk – verken menneska, trafikken eller naturen, sjølv om alt gjer inntrykk – ingenting – bortsett frå wasa knekkebrød - er som i Norge…
Men eg er sliten. Meir sliten enn eg hadde trudd. Alt tek på – køyre bil og oppleve den kaotiske trafikken, sjå alle menneska, ja, alle inntrykka her. Prøve å vaske eit golv, der vatnet etter å ha vaska ein kvadratmeter er mørkebrunt av alt støvet som samlar seg. Ja, når eg vaskar av bordet Støv. Støv, støv. Varmen. Dei seier det er kuldetid og behagelige temperaturar. Tja. Simone er full av raude prikkar- varmeutslett. Det at ho for første gong likar å bade, seier vel noko om at ho er varm… Det tek også på å skulle handle inn møblar – her er det ikkje er å gå på IKEA, men ein køyrer frå møbelhandlar til møbelhandlar som stiller ut kolleksjonen sin langs vegen, og der vi må bestille og vente. Og alt tek tid. Det tek på at Simone vaknar så mange ganger på natta fordi ho er så varm og tørst… Og så tek det på at vi har minst 40 minutts køyreveg til kontoret…
Men trass i at eg er sliten, er det godt å vere her. Endelig er vi her, Mali. Dette har vi venta på lenge. Det er her vi føler oss trygge på at Gud vil ha oss. Allerede begynner vi å bli vant til og kjenne lyder og lukter og ansikt i nabolaget… Og no, etter halvanna veke, kjenner eg at eg ikkje er så sliten som dei første dagane. Det er jo eit godt teikn…
Her vi bur er det ingen kvite. Det er eigentlig like greitt- då må vi jo berre komme oss ut og bli kjent med folk. Be gjerne om at vi må få nokre vener her i området.. Vi har ikkje hatt særlig energi til å utforske nabolaget enda- har vel ikkje sett meir enn det vi ser når vi køyrer til huset – og en liten tur i gata på lørdag. Her er mange nybygg, mange grå murklossar som ventar på å bli ferdige. Sjølv om det er mykje uferdige hus her bur der en del folk, og litt etter kvart så kjem vi i kontakt med naboane. Men dei synes visst at vi viser oss lite ute…. Rett utanfor porten vår arbeider nokre damer med å farge flotte tøy. Visstnok til eksport til utlandet. Vi har to hyggelige kjøpmenn rundt oss- Ein som er vegg i vegg, der ein kan kjøpe vatn, fyrstikker, olje, mjøl, tørrmelk, ”American cola” osv. Ein annan har sin lille butikk ca 50 meter bortanfor oss, ved markedet. Han slår vi alltid av en liten prat med når vi køyrer forbi. Han hadde parkert bilen sin i garasjen vår, så det var slik vi kom i kontakt med han. Og så er det markedet. Masse folk og mange boder… Gleder meg til å utforske det. Men eg trur eg skal få litt meir energi først…

Elisabeth

1 kommentar:

Ruth, det er meg! sa...

Elisabeth du Elisabeth!

Her var det mange tanker og det er veldig forståelig! Du er så flink til å skrive!
Selv om dere har forberedt dere så godt som mulig, kan dere vel ikke forberede dere godt nok?
Det ser ut som dere allerede har kommet dere på plass i huset, hilst på naboer, kjøpt inn lokale klesplagg og liknende. Bra jobba dere!!!
Ta tiden til hjelp og vit at Gud er med dere i alt dere gjør!!!

Jeg tenker masse på dere og gleder meg over ethvert livstegn fra Sebenikoro :-)
Tusen mange takk for hilsen på mail i går!

Ha en velsignet førjulstid!

Klemmer fra Ruth