søndag, oktober 25, 2009

Ein månad med påfyll


Fredag fulgte vi Åse og Ole, farmor og farmor på flyet tilbake til Norge. Då hadde dei vore hos oss i ein heil månad. Ein god månad med leik med borna, prat, felleskap, god mat, ferietur rundt i landet, kort sagt, ein månad vi kjem til å leve lenge på.

Og farmor og farfar var veldig spreke og leika mykje med jentene! Simone fann tonen med dei alt første kvelden, medan Lydia trengde litt meir tid å venne seg til dei kvite framande. Men det gjekk ikkje lenge før farmor og farfar var dei beste i heile verda... Her er eit par bileter frå gode vener i hagen til presidenthotellet i Yamoussoukro!



Vi hadde ein god ferietur til badebyen San Pedro og vidare opp til hovudstaden Yamoussoukro.


1200 km på veiar av ymse kvalitet, men turen gjekk bra og vi kosa oss veldig i lag. Lydia hadde fått seg framovervendt sete, noko som hjalp litt på tålmodigheita... Første stopp var San Pedro, ein havneby vi har høyrt mykje om frå "gamle" Elfenbenskystmisjonærar. Dessverre hadde det vore utslepp frå ein båt i området og med det badeforbud. Ein nedtur for dei som hadde gleda seg til havbad. Gleda var difor stor når vi køyrde fem mil frå San Pedro og fann "havfruebukta". Dette var eit hotell som hadde vore stengt sidan 2002, eit fantastisk område som no stod der nakent og venta på bedre tider. Vakter og dei som passa på plassen ynskte oss velkommen inn, og vi fekk ein god dag i sand, med bading og sandleikar.


Men det var ikkje berre bading og soling vi fikk oppleve i lag denne månaden. Vi besøkte verdens største katedral og overnatta på sjølvaste presidenthotellet i hovudstaden. Vi var på kjøpesentre og marked, Åse lærte både Elisabeth og hushjelpa nye retter, Ole hjalp til med mykje praktisk arbeid i huset. Er imponert over kor godt dei klarte varmen, sjølv om det var både eitt og to skjorteskift for dag.


Vi var også glade for å få vise arbeidet blant mahoufolket her i Abidjan. Blant anna var dei ein kveld med på alfabetiseringskurs. Menn og kvinner i alle aldrar ivrige på å få lære seg å lese og skrive på morsmålet.


- og deltakelse på "lyttergrupper": mahouar som samlar seg rundt ein radio for å lytte ilag til radioprogramma " mahourøysta". Ekstra kjekt var det at Åse og Ole fikk vere med på å overrekke ein radio som søndagsskulen i Tveit frikyrkje hadde samla inn pengar til.


Her er Åse ilag med den første lyttergruppa for kvinner:

Så får vi fire som er igjen i Abidjan leve på gode minner, og glede oss til neste besøk...
Elisabeth

10 kommentarer:

Øyvind Brennsæter sa...

Ser ut til at både små og store har kost seg denne måneden. Neste besøk av "blekansikter" blir garantert ikke meg. Større muligheter for å møte isbjørn i Sahara enn å treffe meg i Abidjan ;)

Anonym sa...

Så flott. Ser ut til at de har hatt det gildt ilag ja!! Og no må de berre glede dåkke til tante Astrid kjem:)
Anne Birgitte

Anonym sa...

Vi kan bare bekrefte at dette var en fantastisk måned for oss også, selv om vi "gikk" i sakte fart pga varmen, men med Jostein på hjul gikk det fort. Ekstra fornøyd ble jeg da jeg endelig fikk bade i sjøen, i "Jomrubukta". Farmor

Anonym sa...

En liten korigering av forrige kommentar. Det skal selvfølgelig være JOmfrubukta.
Den sjøglade/sjøgale farmor

Anonym sa...

Huff og huff. Er visst for sent på kvelden/natta. Jomfrubukta skal byttes ut med HAVFRUEBUKTA.
Nattfruen.

Reier sa...

Kjekt å lesa - og sjå!

Anonym sa...

Endeleg liv igjen på bloggen! Veldig kjekt både og sjå og lese!
Og velkomen heim til spreke besteforeldre som "kan (gjere) eit kvart!

Melsing oss gamle på Lisjebønå

Marie sa...

Kjekt å sjå at dokker har hatt en fin ferie og ei kjekk tid sammen med Josteins foreldre ;) Kjekt med bilder, jentene har blitt så store! Gleder oss til å se dere igjen snart alle sammen! Klem fra oss på Nordmøre

Anonym sa...

Kjempekoselige bilder!!Tonje og jeg så de og litt flere i går på dataen hos mamma og pappa. Har hørt litt om turen og det høres og ser ut fra bildene ut til at det var noen fine uker dere hadde sammen! Gleder meg til å høre mer!!
Elisabeth.

Anonym sa...

Flott å både se og høre at dere har hatt en fin måned sammen med Åse og Ole. Fine bilder også. Dere har noen skjønne jenter! Lykke til videre i arbeidet!
Ingunn og Shannon