mandag, juni 16, 2008

Feitekur?



På torsdag var eg og Simone heime i Sebenikoro og hadde roleg dag etter veker med mykje arbeid og styr – og barnepika kom heim til oss. På føremiddagen brukar Simone å få naturelljoghurt (barnejoghurtane her kostar opp mot 50 kroner for ein firepakning). På fredag skulle eg servere mat til heimreisande misjonærar, og til det skulle det vere crème fraiche (rømme). Til mi forundring var det berre ein pakke igjen, og eg visste jo at eg hadde kjøpt to. Ein tom, vaska rømmeboks stod på hylla på kjøkkenet. Plutselig gikk det opp for meg: Simone har kost seg med to desiliter feit rømme på torsdag! Ikkje alltid heilt enkelt med tubabu–maten (kvitingmaten) der mykje ser så likt ut… Godt at jenta er aktiv, for underernært er ho i alle fall ikkje…

3 kommentarer:

Anonym sa...

hehe....:) Hun har sikkert kost seg kongelig!

Gjermund sa...

He, he.
Det der tåler hun nok godt! Kan ikke være noe verre enn en 17. mai med is så man blir mett...

Gjermund

Anonym sa...

Fetlig bilde og festlig hendelse. Hun tåler litt ekstra fett, men kanskje ikke like bra hvis faren hadde fått det i seg!!!!!!
Hilsen Mor Åse