mandag, november 26, 2007

På lag med den sterkaste...


50 meter frå oss er eit marked.. Eg hadde tenkt å ta meg ein liten tur, men det tok på berre å gå bort og helse på kjøpmannen, så eg snudde. Men den lille turen gav meg eit lite innblikk i den andelege røyndomen her. Eg kom i snakk med fire ungjenter som var på veg til skulen. Eg gjekk med Simone i babybjørn – fikk sjølvsagt mykje merksemd, både for den kvite babyen og det at eg ikkje bar ho på ryggen…vi skilte lag, og eg gjekk sammen med ei gammal dame mot markedet.

Med eitt kjem jentene springande etter meg. Det var tydeleg at dei hadde diskutert og hadde noko viktig å fortelle: "Du må ikkje ta med deg babyen din inn i markedet!” Gå heim og la ho vere hos hushjelpa”. Kvifor seier eg?, og legg til at hushjelp har vi ikkje. ”Det er så mange hekser på markedet, og dei kjem til å ete barnet ditt” (Merk: ” Å ete menneske” vil seie å lage seg ein sermoni der kjøt representerer eit spesielt menneske. Når heksene så eter dette, blir det mennesket sjukt og dør. Heksene har stor makt, og skaper mykje frykt.)

Eg sa til jentene at Simone var beskytta av den levande Gud, og Han er sterkare enn heksene. Likevel kjende eg at det gjorde med usikker. Eg visste jo at Simone og eg er beskytta – vi har jo den levande, allmektige Gud på vår side, men det gjorde litt for sterkt inntrykk… Eg skulda på varmen for Simone- noko som jo var sant. Og snudde. Men Jesus har lova å vere med- kanskje vårt komme og tilstedeværelse kan vere med å manifestere at Satan ikkje har makt over dei som tar sin tilflukt til den treenige Gud? Eg vart i alle fall minna om at vi kvar dag proklamerer forsakelsen og trua – og at vi nedber Herrens velsignelse over Simone Amalie. Og så trur vi og veit at Jesus har satt englar til å beskytte sine tjenarar, og at den som tek si tilflukt til Jesus ikkje har noko å frykta frå han som berre er ei brølande løve. Naboane våre i Sebenikoro treng å bli satt fri frå frykta for åndene…

Dette vart også ei påminning om kor viktig den tenesta du gjer du som ber for oss. Dette er altså den andelege røyndomen vi har flytta til. Kan du be for oss vidare?

Elisabeth

2 kommentarer:

Anonym sa...

Kjære dere tre, niese, svigerinne og bror!! Det er sterkt å høre denne historien. Dere merker sikkert en åndskamp og trenger mye forbønn. Det er bruk for dere der ute, og det er flott at dere er villige til å stå i den tøffe oppgaven og kampen. Ber om at dere må bli utrusta og får merke Guds velsignelse!! Dere har fått litt kontakt med de innfødte, skjønner jeg. Da er det vel fransk dere snakker? Kan mange det? Har dere begynt å lære språk? Tenker mye på dere og ber for dere! Savner dere alle tre!! MANGE GODE KLEMMER TIL ALLE TRE; SPESIELT SIMONE; FRA TANTE PÅ SOLSLETTA!!

Anonym sa...

JA - vi vil vere med å be for dykk!! Vi bad for dykk i bibelgruppa i går! Takk for oppdateringane så langt :-)