onsdag, juni 06, 2007

Kunstelskarar?

Dei to siste ”første-søndag-i-måneden” på rad har Jostein og eg vore kulturelle. Då er det nemlig gratis å kome inn på museum i Paris, og vi har besøkt Musee d’Orsay og Pompidousenteret.

Det berømte Louvre-museumet har Jostein også besøkt, der blir det sagt at dersom du vil sjå alle kunstverka, og sjå på dei i ti sekund, så må bruke fire år.

Musee d’Orsay ligg i ein nedlagt jernbanehall, ein vakker bygning ved Seinen. Her kan du sjå maleri frå kjende malarar som Monet, Manet, Rousseau og Van Gogh

Pompidoumuseet er ein merkeleg bygning, ein stor kloss med rørformasjonar som ”pryder” fasaden, i fargane rødt, kvitt og blått (fargane til det franske flagget). Dette er museet der ein kan ta i ”øyensyn” alle moderne verka.

Så, vi har altså vore kunstelskarar i det siste…?

Musee d’Orsay hadde mange fine maleri… Vi gikk frå rom til rom, såg bilete etter bilete. Av og til dukka det opp eit maleri som nok skulle vere kjend. Vi såg litt på det, og gikk vidare. Eg må nok innrømme det. Det var fint å sjå på, men kva bryr det meg om malaren har brukt den eller den teknikken, eller at det var sjølvportrettet til ein viss Gogh… Eg såg menneske som stod i minutt og studerte eit maleri, frå den eine vinkelen til den andre. Eg tenkte: kva ser du? Taler det til deg? For meg er det berre fint eller stygt. That’s it.
Bileta frå museumsturen taler for seg: Mange bilete av arkitekturen og utsikta, nokre få bilete av maleri…

Og førre søndag tok altså vi turen til Pompidousenteret. Forstod eg lite på det andre museet, var det ikkje betre her. Kva ville kunstnaren uttrykke? Eit stort, kvitt lerret f. eks, med to raude malingsklattar på, eller eit flygel heilt innepakka i grå ull. (stakkars flygelet. Eg hadde så lyst til å rive av dei greiene slik at det kunne spelast på), eller ein stol utstilt som vi ikkje kunne sitte på. Og bileta? For det meste av folkelivet utanfor og av den fantastiske utsikta til Sacre Coeur langt i det fjerne…

På fransk når ein skal snakke om det å være kunstelskar, bokelskar, matelskar og så vidare, bruker ein ordet amateur (uttales som vårt amatør) Amateur de l’art. Kunstelsker. På norsk har det jo ei litt anna tyding. Men eg er nok heller det; ein kunstamatør. Og på ein måte skuffar det meg. Men: Fuglesang, ein blome, ein speilblank fjord eller når eg oppdagar ein hare i parken her borte får hjartet mitt til å nesten sprengast. Der er eg kunstelskar. Så får det berre vere at eg er amatør på andre kunstområde.

1 kommentar:

Anne Birgitte sa...

Du e så flink å skrive Elisabeth!! Kjekt å lese...
Og eg er ganske enig. Takk for helsing til Filip Natanael igår, vi hadde selskap for familien i nærheten, kjekt det. Han smelte så mange ballongar sjølv at han har blitt redd dei..jaja. Og idag såg vi første tanna:)