onsdag, mai 23, 2007

Kjøpegalskap og køsnikeri

For litt sidan tok Jostein og eg turen ned til det lokale hypermarkedet, CORA. Ein slags enorm OBS-butikk der du kan få ALT. Det er ikkje ofte vi handlar på CORA, held oss heller til Lidl på hjørnet. Men det hadde seg slik at sist vi handla der fekk vi ein gavesjekk pålydande heile 9 euro (75kr), og denne sjekken måtte benyttast akkurat den dagen.
Allerede på parkeringsplassen begynte eg å ane "ugler i mosen". Ikkje ei einaste handlevogn å oppdrive. Jaja, tenkte vi. Vi tek ei korg, vi skal jo ikkje ha så mykje likevel. Vi kom inn svingdøra. Il y avait du monde! Her var det folk! Cora er enormt med 57 kasser. Framfor kvar einaste kasse var det kø bak i butikklokalet, iallefall 40 personar i kvar. Var visst ikkje berre vi som hadde latt oss lokke av gratismuligheter nei. Vi nølte eit sekund, men bestemte oss for å gå inn. Folk overalt, kvar einaste rad, skrikande ungar, gamle damer, travle forretningsfolk, småmødre og forelska par og så vidare. Eg kjente korleis sveitten begynte å piple fram. Her var det om å gjere å finne det vi skulle ha og komme oss ut.

Dei ni euroane hadde vi tenkt å bruke til å kjøpe eit plagg til Nurket... Men det var heilt umulig å kome til å babyhyllene, for køa bukta seg laangt bak gjennom reolane. Eg treiv eit plagg og så skulle vi stille oss i kø.
På Cora har dei eiga kasse til gravide. Ein fin plakat viser ei dame med stor mage... så vi bestemte oss for å stille oss der, sjølv om det ikkje såg ut som om at det hadde noko å seie i praksis denne dagene, dei var iallefall ikkje gravide dei første 10-20 foran oss i køa, såvidt eg kunne sjå. Vi stod heilt bak, sikkert 20 meter fra kassa. Dette går ikkje, tenkjer eg. Køa rørte seg ikkje. Var det virkelig verdt ni euro og "gratis" plagg til Nurket?

"Du kan jo gå fram som alle dei andre gravide her". Seier plutselig ei middelaldrande dame til meg. "Det er jo derfor ikkje køa går framover, alle gravide har jo forrang..."Eg nølte et øyeblikk... Men så gjekk eg fram. Nokre venninner som stod nesten heilt framme ved kassa smilte oppgitt, lo litt sårt og sa, Vær så god frue, de kan gå foran... Plutselig var det eg hadde sett føre meg som to timers kømareritt over. Og om eg ikkje er imponert over manglande effektivitet hos franske ekspeditørar, så bøyer eg meg i støvet for tolmodige franskmenn... For alt eg veit, står dei i kø fortsatt, uten ei einaste sur mine...

6 kommentarer:

Gjermund sa...

Oj!
En sånn kasse kunne vi tenkt oss der vi bor også av og til! Så kunne jeg bare "hengt på" og skummet en fløte...

Gjermund

Anonym sa...

Hehe, du e skikkelig flink å skrive!

-Astrid, TANTE Astrid..

Anonym sa...

hei, så kjekt å se siden deres, skal hils masse fra arbeiderne her til deg Jostein, de husker deg godt.
reidun in africa

Anne Birgitte sa...

så fantastisk historie...hihi. Og ja, enig med Syste Astrid, du e vanvittig flink å skrive:)

Anonym sa...

Det hadde vore artig å sett kva som hadde skjedd på OBS, til dømes onsdag i stilleveke om ei som var gravid prøvde å koma seg framst i køa...

Anonym sa...

Eg gir meg ende over enda en gang... I går var vi igjen på CORA. Ein heilt vanlig ettermiddag, og nesten uten kø på dei 57 kassene. Vi går til "gravidluka", men av en eller annen grunn så stenger dei den, så vi finn ei anna, der berre ei dame står. Dama forteller meg at eg kan gå i gravidkassa, for der slepp eg forbi alle sammen. Eg fortel at den var stengt, men at det ikkje er så viktig, er jo ikkje så mange folk, så eg berre står her. Dama begynner plutselig å skubbe vekk sine varer. Eg måtte jo gå først! Eg nekta og takka. Det er jo ikkje nødvendig. Ikkje hadde ho mange artiklar heller. Men neida. Til slutt måtte vi kapitulere, og gikk foran henne, med full handlevogn...
Hadde det skjedd i Norge?
Nope. Eg er sjokka fortsatt :-)