torsdag, februar 08, 2007

Vårstemning i Paris

Lørdag formiddag. Sola skin og det yrer av liv i gatene i Paris. Eg går forbi ein trio av gitar, saksofon og trommeslagarar. Står og lytter litt til jazzmusikken som smyg seg inn i øyregangane. Eg kjøper meg ein crèpe (pannekake som franskmenn er spesialistar på). Eg set meg ned ved Seinen med solsteiken i andletet. Med eitt høyrer eg pianospel. Skikkeleg fengande ragtime. Eg går etter lyden. Og dette var det eg fann, midt på ei bru ved "Île Saint Louis"(heilt i hjartet av byen)
Eit lite Ps. Sjekk dei bare leggane til småjentene. Det var KALDT sjølv om sola varma godt i lune krokar.

3 kommentarer:

Pappa Jon Arne sa...

Bra de har vårstemning. Her er det bikkjekaldt - men fin sol. Men elles hugsar eg no Elisabeth sine positive stemningsrapportar før vi reiste til Paris på påsketur. Og så var der så kaldt at eg stadig frys når eg tenkjer på Paris...
Men det var altså så uventa. I dag har vi hatt middagsbesøk av m.a. ein dine "barndomsvenner", Hanna Nordbø...
Kos dykk med våren!

Margrethe M sa...

Heldig, ja. Kombinasjon vårsol og musik i Paris. Her er vinteren kommet men det er SOL i Bergen og hvem skulle tro det. Det var så kjekt å treffe dere. Har dere vært på den ivorianske rest.?

Anonym sa...

Ej he hatt så fin helg, nydelig vær i Bergen! SOL! He lyst å søke på TEFT via NLM, ka trur dåkke? (D står om d på nlm sin side)

Ellers frys ej veldig av å sjå de småjentene med bare legger, stakkar.. d hadde dei ikkje fått lov til i min barnehage ;)

KLEM
Astrid :)