mandag, desember 04, 2006

Julemessetid

Eit av mine gode barndomsminner er julemessa i Syvde. Kvar seinhaust i mange år (pappa: kor mange?) har ein flokk driftige damer stilt opp med ting dei har laga og ordna til gjennom eit langt år. Det er ikkje få gongar eg har sett og høyrt mamma site med eit eller anna handarbeid som er til julemessa.
Også i år vart det satt ny rekord når det gjaldt penger (igjen, pappa, kor mykje?). Eg beundrar stort mamma og resten av gjengen som stiller opp år etter år - og dei er jo med på å gjere det mulig for Jostein og meg å reise til Mali - tusen takk!

Den lutherske kyrkja hadde julemesse på laurdag. Med den gode barndomsfølelsen i magen gikk eg dei ti minutta til kyrkja for å oppleve fransk julemesse. Hm. Ikkje heilt det samme nei. Eit lite rom i kyrkja hadde tre langbord dekka med forskjellige saker. For det meste ting frå Madagaskar, nokre innkjøpte lys og lysestakar, og nokre få handlaga ting. Mademoiselle Braech (ei dame på 86 år) hadde laga ein haug med syltetøy og malt på lokka. Ingen loddsalg eller fellesskap. (ingen folk heller for den saks skuld)

Men igjen, eg berømmer dei som stiller opp og ynskjer å bidra til kyrkja si. Men, det er vel berre å innsjå det at Norsk misjons julemessetradisjon er noko heilt anna enn her.

Eit lite inntrykk av julemessa. Skikkelig dårlig bilete. Men dei fire damene du ser på biletet er ildsjelene bak dei heile og dei skjønnaste damene eg veit om her i Frankike (frå Kamerun, 2xMadagaskar og USA)...


Ps. Eg sit og gumler på Hockey-pulver. Hadde gløymt kor godt det var. Tusen takk til alle som har sendt salt snop. Eg er redda til langt ut i 2007. (meir konkret takk ligg på posten der eg syng ut mi nød....)

4 kommentarer:

Beate sa...

Hei Elisabeth! Så bra at pakken kom frem. Og at det gikk så fort, jeg ble litt fortvila når jeg skjønte at jeg hadde glemt å fylle ut den grønne toll-lappen... Du er all lakrisen vel unnt!
Klem fra Beate

Anonym sa...

Så det er julemesse i Paris også? Det trudde eg var eit særnorsk fenomen!
Men til spørsmåla dine: Du var med på den første julemessa i Syvde - men det merka du vel ikkje så mykje til. For då låg du trygt forvart i mammas mage! Det var altså i 1976...
I år sende vi 109.060 kr frå julemessa - mot 98.150 i fjor. Så mamma dine og dei andre damene var godt nøgde!
Klem frå papsen

Anonym sa...

Ja, så er de omtrent like flinke til å lage i stand julemesse både i Syvde og her i Tveit ved Kristiansand (Jostein si "heimbygd"). Her var det Julemesse på lørdag, og her kom det også inn ca. 110.000 kroner til menighet om misjon.

Men salg av ertesuppe og risgrøt hadde de vel ikke på Julemessa i Paris?

Elisabeth og Jostein Sæth sa...

Pappa: takk for svara. Ja, eg har høyrt om mange slike julemesser her i Frankrike også, men tviler på at dei er like "oppegåande" som dei norske - litt nasjonal må eg jo vere ;)

Øyvind: På julemessa solgte dei litt mat, men verken graut eller ertesuppe... Men litt afrikanske smakebiter er det jo..

Vi skal forresten ha norsk "julekveld" her på skolen neste onsdag. Da skal vi lage risgrøt med mandler, marsipangrispremie, gløgg, leiker og julesanger. Må jo gi alle disse Les Cedres-folka en liten smak av norsk jul...

Blir gøy

Elisabeth