tirsdag, juli 08, 2008

Ei lita oppdatering.

Regntida har satt inn for fullt i Bamako, og vi frydar oss over kaldare dagar og netter, over å kunne sove utan aircondition, at Simone kan sove på eige rom, og at flisene på golvet ikkje er varme. Simone dreg i buksebein og armar og forstår ikkje kvifor ho skal ha noko på seg nedanfor knea og på armane, og vi synes det er litt godt at det er litt kaldt på morgonen og kvelden, sjølv om verskiftet har gjort oss alle tre forkjøla…
Med regnet kjem også det grøne fram! Rundt oss på alle kantar grønskast det, og det er utrulig godt. Eg var ikkje klar over kor mykje vakker natur og omgivelsar hadde å seie for meg, og eg kjenner no at det gjer meg godt å få litt gras rundt oss, det gjer også at søpla blir litt mindre synleg. I dag tidleg sette vi oss for første gong fast i gjørma rett utanfor huset vårt, og vi er spente på korleis vekene framover blir, med mykje regn og gater som berre er gjørme og mold. Men – det er vel dette som er ekte Afrika?

Litt om kvar av oss:
Jostein:
Har som før skreve på bloggen hatt hovudansvar for feltet her i ein månad. Det har vore veldig mykje å gjere og ha oversikt over, med flytting av gjestehus og kontor, og mykje administrasjon. Men stort sett er det kjekt. Godt å arbeide! Han har også tatt over radioarbeidet no. Saknar joggeturar og tennis med Espen (ettåring) og håper på ny ”partner” når nye misjonærar kjem om ein månad…

Elisabeth:
Har vore veldig sliten i det siste, og hatt ein augebetennelse det kravde fire forskjellige legar for å fikse (tja, den siste fann ut av det.) Det går betre no, og gleder seg over litt meir energi i kvardagen. Er ganske stolt over at eg endelig vann over skepsisen til å kjøpe lokalt kjøt på markedet, og er glad eg har litt overskudd til å prøve meg fram med matlaging av lokale grønsaker som eg ikkje kjenner til frå før. .. Små sigrar i kvardagen. Saknar å gå trilleturar med Simone, men det ligg ikkje akkurat til rette for det i Sebenikoro.

Simone Amalie:
Er stor jente på 11 månader. Ho trivs godt i Mali, og koser seg når ho kan sitte utanfor kontoret i ein grushaug og leike med andre barn. Dagen før ho vart 11 månader, bestemte ho seg for at nok er nok, og byrja like godt å gå! Og utviklinga går så fort at vi foreldra har vanskar med å følgje med.


Så takkar vi deg som les bloggen for at du ber for oss alle tre og arbeidet vi står i.


Elisabeth

3 kommentarer:

Reier sa...

Takk for oppdatering! Jeg savner også joggeturene med Jostein...

Anonym sa...

Hei Elisabeth!
Så kjekt å lese om hvordan dere har det! Mahou-folket er også litt "våre", derfor følger jeg ekstra godt med... Håper dere har det bra!
Klem fra Berit Harnes monsen

To store sa...

Hei!

Det er så triveleg å lese bloggen dykkar! Eg har ore lite på internett i sommar, så eg har ikkje fått fulgt dykk jamnt, men no har eg meir tid att. Eg forstår veldig godt kor fint det er når det grønskast! Det har vi og fått oppleve her i sommar, og eg visste heller ikkje kor mykje det vakre betydde for trivselen min før eg har opplevd kontrastane i dette landet! No er vi på varmaste sommaren her, men enda har det ikkje vore varmare enn 35 grader, og det er vel ikkje noko å skryte av til Afrikamisjonærar! Det er ikkje så veldig varmt om natta heller (enda) og det betyr veldig mykje.

Eg skulle ynskje Sigrid og Simone Amalie kunne møttest oftare! Dei er iallfall i same livssituasjon! Dei er begge jenter med bein i nasen, trur eg!

Nyt regntida!

Klem fra Kjersti