tirsdag, august 15, 2006

På toppen av mitt barndoms paradis

Det går ein liten fjellveg rett ved barndomsheimen min. Denne vegen går nokre kilometer framover, til den staden mine forfedre (ja, eg treng vel ikkje gå lenger tilbake i tid enn til min farfar) hadde sine sommarsel (eit sel er ei lita hytte). Mange gongar har eg gått opp på ”Lynghauane,” den vesle klynga med små hytter, overnatta i det som no er eit falleferdig, trist syn av ei ”sel”. Eg har bada i elva og ete blåbær, mykje blåbær.

Frå Lynghauane ligg fjellet ope for dei som ynskjer å utforske det, det er berre å gå der stien fører deg. Oppover og innover.

Fredag gjekk vi, Jostein og eg, saman med tante Maisa, onkel Reidulf og søskenbarn Kaisa i eit fjellparadis med store og modne blåbær og molter, sol og duftande lyng. Stien gjekk langs med ein syngjande bekk som fulgte oss heile vegen til topps. Nysgjerrige, men skeptiske sauer haldt seg på trygg avstand, kanskje litt irriterte over dei høglydte tobeinte som forstyrra sommarfreden deira.

Sjølv om den gode kjensla, den reine dufta, og smaken av fjellbekkvatn aldri kan fangast i eit bilete:

Her kjem ein liten biletsmak



1 kommentar:

Sofia sa...

wow... stor skillnad mot this crowded town... lite tystnad vore inte illa... sitte i skolans datorrum och hor masarna skrika ikapp med trafiken... har det ganska bra anda, ska hem till kvams ikvall, det blir trevligt!