torsdag, mars 06, 2008

Ikkje berre kjekt...

Eg ser på bloggen at det er ein månad sist eg skreiv noko. Jostein har vore flink til å halde dykk oppdatert med hendingar og tankar. Eg har tenkt litt på om ein kan skrive også litt om det som er vanskelig på bloggen, eller om det skrevne ord kan framstå slik at det verkar som om at ein har det verre enn ein faktisk har det. Men uansett. Eg velgjer å dele nokre av mine tankar med deg her, så får du ta det i beste meining. Eg skuldar jo deg som ber å vere ærlig, slik at du veit kva du skal be om.

Har fått mailar/chatsamtaler der spørsmålet har vore noko som ”De har det framleis bare bra i Mali? De har funne dykk godt til rette verkar det som”… Men eg må nok vere så ærleg at eg innrømmer det: Eg synes det er ganske tøft for tida. Eg synes det er tøft å bu aleine kvit i Sébénikoro, tøft å gå ut og bli møtt av en hale med ungar som ropar tubabu (utt: tobabo, kviting), eg synes det er tøft å sjå all søpla som flyt i gatene, at alt er berre grus og mold og grå hus, at hagen vår er ein sandhaug. Det er litt einsamt her i bydelen. Sidan vi bur så langt vekke frå byen og andre kvite, har vi enda ikkje blitt kjent med andre misjonærar (ikkje-norske), og det hadde jo kanskje vore godt. Har vore på engelsk gudsteneste to gongar, men folk er ikkje så ivrige på å helse på eller bli kjent. Vi har blitt kjent med nokre her i bydelen, men når det er så forskjellig kultur, er det i denne nybegynnerfasen ganske slitsomt.

Eg hadde høge forventningar til meg sjølv når eg skulle bli misjonær. Har tenkt at eg elskar å prate med folk, gledde meg til å sitte saman med nabokona og prate medan ho laga mat eller drikke te saman. Men slik det er no vil eg helst ikkje gå ut, eg må forholde meg til så mange mennesker, og det orkar eg ikkje.

Eg tenkte at eg skulle i alle fall ha det ganske enkelt inne i huset slikt at ikkje det blir så stor forskjell på oss og naboane. Men det går ikkje. Alle naboane rundt oss bur i små rom (hus med fleire familiar i same). Dei har kanskje ei seng på golvet og ein stol. Og grå murgolv og -veggar. Eg kan jo ikkje leve slik. Vi har møbler og nokre bilete på veggane. Men enda slappar eg ikkje av i heimen. Ser at eg nok må prøve å gjere det meir heimekoselig. Eg har enda ikkje fått opp gardiner i stua, for dei som kjenner meg, seier det ganske mykje om at eg er litt tappa for energi… Og så må eg med det same få beklage for manglande svar på mailar og brev som eg har fått. Tusen takk, har satt stor pris på det. Kanskje eg skal få svart snart?

Vi lærte på misjonsskulen at ein går igjennom fasar når ein skal tilpasse seg ein ny kultur. Første fasen er turistfasen, der alt er spanande og nytt og ein frydar seg over det. Så går ein inn i ein kultursjokkfase, der ein reagerer på mykje i kulturen, samanlikner med heimlandet og kritiserer. Eg har kanskje kome dit? Det speler nok inn, og eg veit at det heilt sikkert går over. Men fint om du som ber kan be for oss, at vi kan klare å finne oss til rette her ute, at vi kan få slappe av i heimen, at vi kan få nokre vener i det internasjonale miljøet, at det blir slik at vi gler oss til å kome heim når vi har vore vekke…

Elisabeth

3 kommentarer:

Anonym sa...

Kjære Elisabeth!

Eg synest det er godt du er ærleg! Livet som misjonær blir ofte framstilla som berre idyllisk etc. Det er det ikkje. Det kan vere frykteleg tøft, og som du sjølv seier, særleg i begynnelsen.

Godt er det då å klamre seg fast til Guds ord i misjonsbefalinga: "Og sjå, eg er med dykk ALLE dagar så lenge verda står."

Stor klem frå Kaisa Ruth (som også opplever kultursjokk sjølv om eg har flytta berre rett over grensa..)

Anonym sa...

Takk for at du er ærlig Elisabeth! Dåkke e i hjertet mitt, og eg sjekkar bloggen ofte for å følge med! Dåkke e i bønnene mine, og vil fortsette å være det! Eg er alltid berre nokre tastetrykk unna veit du, om det er nåke spesielt som må hugsast på!! Eg beundrar dåkke veldig for at de våga å ta valget om å reise ut, for eg veit at det kostar!! Gla i dåkke! Skikkelig skviseklem fra Liv-Helga

Anonym sa...

Dette var vondt å høre. Vi kan ikke annet enn å be ekstra, ekstra mye for dere. Godt at dere har en "stor solstråle" mellom dere som sprer mye lys og glede. En god erstatning for oss er å se henne på skjermen. Hilsen mor Åse/svigermor/farmor