mandag, desember 18, 2006

Eksamenslesing og tankeflukt :-)

Eg sit med grammatikkboka og ørten ark foran meg. Det er grammatikk-eksamen i morgon, og eg burde meir enn lese. Alt av grammatikk som eg har lært denne hausten – inkludert ord og uttrykk skal i morgon visast på papir at eg kan. Men inspirasjonen er ikkje heilt på topp, så det får bli nokon ord her i staden…

Det er heilt utrulig at vi no er inne i siste veka av første halvår på Les Cedres. Eit godt halvår på dei fleste måtar. Vi har raskt funne oss til rette her i Massy. Litt lite Paris-utforsking for min del, men eg hadde kanskje litt høge forventningar til akkurat den delen. (Kanskje det heng sammen med at forrige gang eg var her hadde eg fri onsdag og i helgane og var ”fast inventar” i Parisgatene i alle fall ein gong i veka). No sit vi med lekser- og er slitne etter lang skuleveke…

Det er rart med det kor kvardagane raskt kjem over ein når ein flyttar. No har det vorte dagligdags å høyre fransk overalt, handle baguette hos den hyggelege mannen i boulangeriet, ta RER til Paris, gå på butikken og vite kva du faktisk kjøper, gå i kyrkja og seie den samme liturgien kvar søndag, fryde seg over at misjonshuset har møteoverføring og så vidare. Det er godt med det som er dagligdags.

Men så er det slik med meg at eg likar å telle ned til viktige begivenheiter. Eg har dermed talt ned til juleferie no lenge. Eg gleder meg som ein unge til å kome heim i år. 22 desember på ettermiddag set vi oss på flyet til Oslo, og så nattbuss til herlege Sylte og barndomsheimen. Det blir utrulig godt å sjå familie og vener att! Heile familien samla på sylte i jula, og heile andre familien nokre dagar på nyåret…(vi rekker å treffe begge familiane våre + å feire nyttår i Oslo med gode vener!) Og så gleder eg meg til å kunne ligge på en sofa og slappe av, eg gleder meg til store brødskiver med makrell i tomat og anna skikkelig norsk pålegg. Eg gleder meg til dyne og å ikkje fryse om natta. Eg gleder meg til å vere i en heim- og ikkje minst snakke norsk HEILE TIDA!


Elisabeth

1 kommentar:

Sofia sa...

Jag skrev engelskexamen i onsdags och sen åkte jag till Norrköping... Nu är det måndag och vardag igen, men det är sååååååååå skönt att inte behöva plugga. Nu är det BARA packning som gäller.

Njut av julen, familj och vänner i Norge. Tid över? -Ta en tur till Sverige! ;)

Sköt om er! Kram