lørdag, november 18, 2006

Det fins ein kur for alt...



Eg er sjuk. Neida. Det er ikkje noko alvorleg, berre ei kraftig haustforkjøling. Men nok sjuk til at det har halde meg vekke frå skulen to dagar. Og nok utslåande til at eg i dag sit på rommet og ser gamle program på web-tv i staden for å vere med Jostein og Habostads ut på landet for å besøke søte, gamle frøken Braesh frå kyrkja.

Kva gjer ein for å bli frisk når ein er typisk haustsjuk? Jo, spør du ein apotekar i Noreg, kjem du sannsynlegvis heim med ein pakke Paraset samt Otrivin. Og du har sikkert fått beskjed om å kvile deg, så går det over av seg sjølv…

I går tenkte eg at eg måtte få meg noko slikt- Paraset og Otrivin, altså. Apotek finn du på nesten kvart hjørne her i dette landet, berre i ein radius på et par kilometer frå skulen, veit eg om minst seks. Eg gjekk innom eit og spurte om hjelp mot min slitsomme sjukdom.

Og jada. Apotekarar i Frankrike veit råd. Mannen bak skranken byrjar på jakta etter Den Store Forkjølelseskuren.

Pakke ein: Ein fem dagers tablettkur som er ei blanding av paraset og eit middel eg ikkje kjenner til iallefall. Men det skal hjelpe på det meste: tett nase, feber og elles dei fleste forkjølelsessymptom.

Pakke to: Eg er tungpusta. Bronkiane er litt "slitne". Aha. Herr apotek kjem med ein pakke og kallar det ”suppositoire”. Eg må spørre om betydninga. Fransken min er nok ikkje på eit medisinsk nivå enda... Litt beskjemma forklarer herr apotek at ”you put it behind”. Stikkpillar for tung pust? hm. Kvifor ikkje?

Pakke tre: Halsen er forferdelig vond. Om han har noko mot det? Repsils eller noko? Ein pakke med ein raud munnspraymedisin blir satt på skranken. Skal sprayast inn i halsen fleire gonger for dag. Gjer underverk.

Og Otrivin? Nei, det får du ikkje uten resept her i dette landet. Der går visst grensa. Det er jo sterke saker...


Elisabeth

6 kommentarer:

Anonym sa...

God bedring kjære søss!!
Gla i dej!
klem frå Astrid =)

Bente sa...

hehe... morsomt! Får håpe det hjelper! God bedring:)

Anonym sa...

Stakkar vennen! God bedring..
Du e utrulig flink å skrive forresten...må du ha frå syster di:)

Jenny sa...

Hei Elisabeth! Spennende å følge med dere på bloggen :) Kjedelig med forkjølelse... Har blitt medisinert av franske legemidler selv! Mye hokus pokus ;) Jeg skal forresten til etiopia i jula. Svigers er der ute. Det blir spennende -mitt første møte med misjonsmarka utenfor norge.

Guds velsignelse!

Gjermund sa...

Hei Elisabeth, kjedelig å høre at du er syk. Godt at det går an å få kjøpt medisiner forresten. I den forbindelse husker jeg da jeg forsøkte å kjøpe 250 milligrams stikkpiller (paracet) til barna i England - det kunne jeg bare få kjøpt på resept. 500 milligrams svelgetabletter var derimot lett tilgjengelig. Rettere sagt 32 tabletter for £0,75! Snakk om logikk!

Hils Jostein, og god bedring! Vi er glade i dere.

Gjermund

Elisabeth og Jostein Sæth sa...

Tusen takk for alle gode ord! :-)

Heldigvis går det mye bedre nå. Er nesten ikke tett lenger, så godt er det.

Varme klemmer

Elisabeth