fredag, september 05, 2008

Sebenikoro snart tilbakelagt...




Berre ei drøy veke igjen no, så er kapitlet Sebenikoro historie i vårt liv. Men eitt lite år i Mali har sett sine spor. Det er godt å endeleg skulle få reise til bestemmelsesstaden. Tida mi i Sebenikoro har nok vore preg av midlertidighet. Kanskje for mykje til tider. Det har vore eit utfordrande år på mange måtar – kome som nybakt mamma til ein heilt framand kultur og til ein bydel som ein ikkje visste noko særleg om. Det har vore nokre tårer og høge skuldre.


Men no, når eg går tur i nabolaget ser eg at, jammen, dette er noko kjent no. Mannen i butikken som helsar stort når eg kjøper ingrediensar til pannekaker. Ikkje få gonger går vi derifrå med eit drops i handa til Simone – (som havnar i magen til mamma og pappa). Smilet og gledesropa på morgonen når Simone høyrer den velkjende lyden av at hushjelpa låser seg inn. Borna i nabohuset som vil leike med Simone, besøk av nabojenta som så gjerne vil høyre om Jesus. Det varmar når ho, ved første møte med Marie (Aukan, som skal flytte inn i huset når vi drar) spør: Er det du som skal lære meg om Bibelen no? Det har blitt sått noko, sjølv om eg kjenner det lite. Og klumpen kjem i halsen når same jenta bankar på døra og kjem med gåve til Simone – to dukker til ” ho som snart skal forlate meg”.


Det er noko kjent no å gå på marknaden. Ikkje skremmande og ikkje fullt så ”skittent” som for ti månader sidan. Og folk kjenner namnet mitt, og spør etter Awa Konaté (Simone sitt maliske namn) dersom ho ikkje er med.


No reiser vi til ein storby, til eit vakkert hus med stor hage. Eg må innrømme at eg gleder meg til den store hagen og alt det grøne. Men, kan det ikkje vere at eg kjem til å sakne smila til naboborna, tilstedeværinga til vakta og hushjelpa vår, butikkmannen? Eg trur det. Og Sebenikoro vil alltid være staden der eg vart vand til å vere mamma, der Simone kraup, reiste seg, sa mamma og gjekk for første gong.


Så skal eg få lov til å takke Jesus for desse månadane i Mali og Sebenikoro, både for det tunge og det kjekke. Og ber om at Guds rike må kome her, blant fattige, flotte Malinkéar.

Elisabeth



Nabojenta til høgre på biletet.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Det var flotte tanker om tida i Mali. Skjønner godt at dere kommer til å savne dette!! Det blir sikkert godt å komme til Elfenbenskysten også, selv om det tar litt tid å bli kjent på et nytt sted.
Ønsker dere all lykke med avslutning og pakking og avskjed som gjenstår. Håper dere får en fin inngang til nytt sted. Tenker mye på dere og ber for dere!! Gleder meg sånn til å treffe dere igjen og få gi dere masse klemmer!!! Klemmer fra tante, svigerinne og storesøster Elisabeth.

Bente sa...

Fikk helt tårer i øynene av å lese dette... Avskjeder er bare det verste som finnes.. dessverre er det vanlig i misjonærers liv, selv om det er en ting en aldri kan bli vant med...

Anonym sa...

Ej blei heilt rørt når ej leste det Elisabeth, du e så flink å skrive. Og så bra at du kan sjå det heile sånn.. Lykke til med flytting og sånt. Tenkjer på dåkke. Og gler oss til å høyre korleis det går der de kjem.
Og selfølgelig til de kjem heim..:) Klem frå oss 4/5 her på Varhaug
Anne Birgitte

Anonym sa...

Litt av noen foreldre du har - spiser opp dropsene du får!!! Tror onkelen din i Tveit må ta et par alvorsord med foreldrene dine.