lørdag, mai 19, 2007

Tilbake til Touba

Kirken i Ouaninou (hentet fra Familien Friborgs blogg)


Rundt fem år etter at NLMs misjonærer i Elfenbenskysten måtte evakuere fra misjonsfeltet i nord på grunn av krigen, har de første misjonærer vært tilbake i Touba.

Det ble et sterkt møte med gamle venner, trofaste kristne og misjonens eiendommer som har blitt overtatt av rebellene som har styrt regionen disse årene.

Feltleder Jan Magnus Dybvik, misjonær Bergfrid Almelid og ettåring Johannes Solberg var de tre som reiste inn av våre folk. Vi vil dele et utdrag fra den sterke beskrivelsen Jan Magnus gir av møtet med gamle venner:

”Folk omfamna oss og var glade for å sjå oss igjen. Det var rart å sjå huset vårt igjen. Utvendig såg huset fint ut, langt betre enn frykta, mens det innvendig var ramponert og skittent.

Neste dag, etter å ha helst på pastor Pierre, drog vi til gudsteneste i Ouaninou. Vi kom midt under preika. Vatogba talte over Daniel i løvehula. Ca. 12 vaksne var i kyrkja i Ouaninou denne søndagen pluss ein del barn. Det var gjensynsglede og rart å møte folket igjen. Det er ikkje så mange som går i kyrkja no som før krigen, men dei som er igjen er seriøse. Vatogba sa det omtrent slik: Vi som er igjen kan aldri forlate kyrkja, vi veit at det er sanninga. Overalt blei vi godt mottatt, i Ouaninou, Koonan, Touba og Dioman. Dei kristne og andre inviterte oss på mat heile tida. Aldri har eg spist så mykje hos dei lokale som eg gjorde desse dagane. Deira mottaking gjorde inntrykk. Vi kunne forvente ein viss mottaking sidan det var første gongen vi kom etter krigen, men det overgjekk det vi hadde forventa.

I Tennemassa helste vi på ein eldre mann som har blitt kristen under krigen. Pastor Pierre har bedt for han og barna som har vore plaga av ulike sjukdommar. Det var fint å møte han og vite at vi no har ei kristen familie i denne landsbyen. Det var fint å høyre ei vaksen jente i familien synge kristne songar foran huset deira.

I Bayola ville vi helse på familien til Mory. Faren, som er imam i landsbyen, var i gravferd i Soula denne dagen. Då vi forlét Koonan om kvelden etter at det hadde blitt mørkt, hadde det begynte å regne, men faren og mora som var tilbake i Bayola, trossa ver og vind, stod ute i regnet og stansa oss på veg tilbake til Ouaninou. Han ville helse på oss. Det var eit av fleire sterke møte med gamle kjente.

Hos Rosalie og Désiré hadde vi eit møte for kyrkja i Koonan. Mamadou, Boulaman mfl. var til stade. Vi syntes det var eit fint møte, eit møte med forsoning som gav håp om ein ny giv. Far og bror til Ladji kom innom og helste då vi var hos Rosalie og Désiré. Vi kondolerte dei sidan Ladji døydde under krigen. Det var også eit sterkt møte. Også Solo Koné kom innom mens vi sat der, ein eldre mann som blei kristen like før krigen, men som slutta å gå då krigen kom. Eg oppfordra han til å gå i kyrkja igjen.

Vi var glade for turen og synest alt gjekk veldig bra. Vi vil difor takke dykk for at det var med i forbønn! Det var veldig godt å oppleve at det var fredeleg og roleg i Toubaområdet – slik vi hadde fått det fortalt før. Det var veldig godt å sjå det med eigne auge. Det var mange sterke møte med gamle kjente – møte som ikkje er så lett å beskrive. Og folket i Toubaområdet var veldig glade for å sjå oss igjen der. For dei var det eit teikn på at freden er i ferd med å kome. Og vi kan bekrefte at freden på langt veg er komen tilbake.”

Ingen kommentarer: