onsdag, desember 14, 2005

Tanker ved reisens slutt

Eg sit i stua hos Svigers med PC på fanget og stovebordet fullt av ark og bøker. Eg har hovudet fullt av fakta og tankar om sekularisering, postmodernisme, ungdomskultur, livssyn, islam og så vidare og så vidare. Men det er jammen ikkje lett å få det til å sitte som det skal dagen før den store eksamenen.

Eg er så heldig å få lov til å studere ”Kommunikasjon og Livssyn” (KL) på Gimlekollen dette halvåret. Og spennande, det er det. Se http://www.mediehogskolen.no/showarticle.php?id=363
Dette er ”missionary training for those staying at home”, (for å sitere grunnleggaren av Damaris (http://www.damaris.no/), Nick Pollard)

Når ein skal bli misjonær går ein (forhåpentleg) på kurs og studerer kulturen og språket til det folket ein skal jobbe med. Men så er det jo slik at Noreg jo også har blitt ei misjonsmark etter kvart… Kva for livssyn og –trendar rører seg hos folk flest i Noreg- og spesielt hos ungdommar? Korleis kan ein gjennom å kjenne dette kunne kommunisere Kristus til den vanlege mannen/kvinna/ungdommen i gata? Studiet har gitt mange aktuelle svar.

Eg har studert livssyn opp og ned i mente (postmodernisme, humanisme, eksistensialisme etc). Faktisk, eg trudde det ikkje før - men det er jo spennande! Det er levd liv vi snakkar om her.

Eg har studert ungdomskulturen og meir enn ein gong fått den berømmelege ”aha-opplevinga”.

Eg har lest om kristen apologetikk (trusforsvar) og fryda meg over å kunne ta til meg kunnskap om at – ja, eg kan faktisk svare for meg når det gjeld det eg trur på.

Eg har skreve to oppgaver om islam.

Ja, når alt kjem til alt- eg har jo lært masse!

Så ser eg tilbake på alle dei timane på biblioteket med til tider litt tørt pensum (for det høyrer vel med sjølv om faget er utrulig relevant og spennande) med takksemd. Eg har fått lært så mykje, og gleder meg til å kunne bruke kunnskapen både i Norge, men også ute i verda når den dagen kjem.

Så må eg få takke alle mine KL-kollegar for godt fellesskap.

Elisabeth

Ps. sjekk dette: http://www.mediehogskolen.no/showstatic.php?id=8


Ingen kommentarer: